Close

Vil du bli med i kull 17?

Kull 16 på utflukt. Frå venstre: Kristiane Nerdrum Bøgwald, Severine Jarnes, Bjørn S. Sølsnæs, Hanna Torsdotter Husabø og lærar Ingunn Osland. Foto: Kjell Ove Nordeide

Del innlegg

Då må du hive deg rundt. I dag er det berre ein månad att til søknadsfristen 15. april.

Nynorsk avissenter søkjer etter deg som vil bli journalist og bruke nynorsk. I kull 17 er det plass for fem praktikantar, som får seks månaders opplæring med løn.

Etter 16 kull har vi lært opp 68 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. Over halvparten av desse arbeider i mediebransjen i dag. No ser vi etter nye talent.

Som praktikant får du opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 16. august. Det er ei bratt læringskurve med allsidig teori som skal setjast om til praktisk journalistikk i avisa Firda. Det er hektisk, men tilsvarande spennande. Deretter ventar to månader journalistpraksis i sjølvvald avisredaksjon i januar og februar 2022 før du er ferdig.

Så langt har vi hatt praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, Vestnytt og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

På nettsida vår finn du meir om kva vi tilbyr, men også kva vi ser etter hos deg som søkjar.

Kort om kva du får: Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode, rettleiing frå erfarne journalistar, og praktisk trening i redaksjonsmiljø med høg digital kompetanse. Du får innføring i m.a. video, foto, strøyming, frontredigering og datastøtta journalistikk.

Du har: Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist. Samfunnsinteresse og samfunnsengasjement. Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo. Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Førarkort klasse B.

Vi vil gjerne ha søkjarar frå heile landet, med ulik utdanning og bakgrunn. Hugs attestar og vitnemål saman med søknaden. Det er på dette grunnlaget vi kallar inn til intervju. I vår gjer vi intervjua digitalt på grunn av korona.

Søknadsfrist: 15. april 2021