Close

Dette er kull 16

Del innlegg

Så er det endeleg klart. Dette er dei fire heldige som kom gjennom nålauget og fekk plass i kull 16 ved Nynorsk avissenter: Bjørn Sølsnæs, Kristiane Nerdrum Bøgwald, Severine Jarnes og Hanna Torsdotter Husabø.

Dei får sin første arbeidsdag på nyåret, nærmare bestemt måndag 4. januar. Deretter ventar seks intense månader før dei er ferdig med avsluttande praksis 30. juni.

Med heile 26 søkjarar var det fleire med i finalerunda enn vanleg. Heilt til det siste var også alle landsdelar representerte, men vestlendingane kom ut i fleirtal. Frå hovudstaden kjem Kristiane, men meir kortreiste er bergensaren Hanna, sunnmøringen Severine og ikkje minst sogningen Bjørn.

Det betyr at det også i kull 16 vert eit kvinneoverskot. Sidan starten i 2013 har Nynorsk avissenter tilsett 45 kvinner og 23 menn. Det vil seie at nesten to av tre praktikantar er kvinner.

Fellesnemnaren for dei fire er at alle er motiverte for ei framtid i journalistyrket. I tillegg er dei språkinteresserte og glade i nynorsk, sjølv om utgangspunktet er svært ulikt. Denne gongen er snittalderen noko høgare enn på føregåande kull. Det speglar att i større variasjon i bakgrunn og erfaringar. Meir om det i presentasjonen under:

Bjørn Sølsnæs (fødd i 1995) frå Leikanger i Sogndal kommune arbeider i dag som journalist i Sogn Avis. Der har han vore tilsett sidan mai 2019, og han hadde i tillegg eit sommarvikariat i 2018. Han avslører ein sterk kjærleik til lokalavisa – både generelt og Sogn Avis spesielt. Likevel meiner han det er lurt å lufte vitet andre stader og byggje på med kunnskap i Nynorsk avissenter. Frå før har Bjørn arbeidserfaring som spenner frå prestevikar til landbruksavløysar via skule, barnehage og butikk. Politiske verv i kommune og fylke er kombinert med styrearbeid i mange lokale organisasjonar. På høgskulen har han studert landskapsplanlegging og grunnskulelærar, men det er journalistikken han brenn for – å tene samfunnet ved å løfte fram dei lokale grasrotsakene og setje politisk dagsorden.

Kristiane Nerdrum Bøgwald (1987), Oslo, har siste tre åra budd i Eidsvoll. Ho er skodespelar, dramatikar, filmkunstnar, performance-kunstnar, skribent, og no sist – journalist for avisa VårtOslo. Dermed er ho på eit vis tilbake i 2014, då ho kom inn på journalisthøgskulen, men takka nei til plassen. No går ho for å bli ein skrivefør nynorskjournalist, som ho seier. Det er inga ulempe å ha jobba med nynorsk som scenespråk i teaterstykke av Jon Fosse ved Det Norske Teatret, men Kristiane er tydeleg på at ho skal levere det som trengst for å bli god i avisspråket. Det vil ho til våren kombinere med å lage dokumentarfilm. Ho er nemleg i gang med etterutdanning på deltid og ser dokumentarfilm som ein god kombinasjon med journalistikk.

Severine Jarnes (1992), Langevåg i Sula kommune, har fullført mastergrad i samfunnskommunikasjon ved Universitetet i Agder og arbeider i dag i Vinmonopolet. Frå tidlegare har ho ein bachelor i medieproduksjon frå NTNU Gjøvik, der ho fekk erfaring med produksjon av video, foto og web. No kjenner Severine seg klar til å hive seg ut i avisjournalistikken og arbeid med nyheiter. Ho er motivert for det etter ei lærerik tid i kommunikasjonsavdelinga i den nasjonale brannvernforeininga og etter arbeid i fleire studentorganisasjonar. Der hausta ho erfaring med produksjon og publisering av innhald til mange mediekanalar, opplegg for informasjonskampanjar og gjennomføring av arrangement. God erfaring frå ulike landsdelar og studiestader ønskjer ho å ta med seg inn i journalistikken.

Hanna Torsdotter Husabø (1987), Bergen, har siste året vore ansvarleg for merkevare og samfunnsansvar i konsernet GC Rieber. Men som ho slår fast: Eit journalistisk format passar henne best.  Vegen til denne sjølvinnsikta har vore variert. Frå mediefag og redaktør i skuleavisa på vidaregåande, via studium i økonomi og mastergrad i kunsthistorie og kulturformidling, til studieadministrativ jobb på Universitetet i Bergen og kommunikasjon i GC Rieber. Ved sida har det vore verv i Studentersamfunnet og 17.mai-komiteen i Bergen og praktikantplass hjå ambassaden i København. Den raude tråden har vore å formidle kunnskap, informasjon og engasjement. Sjølv om ho vaks opp i bokmålsbastionen Bergen har nynorsk vore eit naturleg val for Hanna både som student og i arbeidslivet. Ho brenn for at nynorsk skal ha ein sentral plass i offentleg ordskifte, òg i dei store byane.

Kull 16 frå v.: Bjørn Sølsnæs, Kristiane Nerdrum Bøgwald, Severine Jarnes og Hanna Torsdotter Husabø.