Close

Trippel glede – kapra tre stillingar på ein blunk

SIKRA JOBB: Rett frå «skulebenken» er Taline Vinjevoll Årdal (t.v.), Øystein Silde Frønsdal og Natalie Liabø Hermansen tilsette i Firda. Foto: Bent Are Iversen, Firda

Del innlegg

Taline Vinjevoll Årdal (22), Øystein Silde Frønsdal (24) og Natalie Liabø Hermansen (23) har allereie sikra seg jobb. Knapt tre månader ut i opplæringa i Nynorsk avissenter er det klart: Når dei er ferdige 1. mars 2021, kan dei gå rett inn i kvar si journaliststilling – i Firda.

Snakk om å treffe med jobbsøknaden. Det kan lønne seg å vere på rett stad til rett tid, og det slo verkeleg til i dette tilfellet. Lite visste Taline, Øystein og Natalie om at det kunne bli snakk om fleire stillingar då dei i oktober søkte jobb i Firda. Men så flott utvikling har praktikantane vist i haust, at Firda-leiinga like god tilbaud både Natalie og Øystein faste stillingar og tilsette Taline i eit eittårig vikariat.

– Eg søkte på jobben fordi eg trivst så godt som praktikant her, men eg hadde aldri forventa å få den, seier Natalie Liabø Hermansen i ein kommentar til Firda etter at den første overraskinga har lagt seg. Ho seier vidare at det har vore ei veldig lærerik tid på Nynorsk avissenter og i Firda:

– Ein blir kasta rett ut i det, og det er jo slik ein lærer. Ein har alltid mykje rettleiing rundt seg, og ein skulle jo nesten tru at dei blei lei av å ha praktikantar som spør heile tida, men slik er det absolutt ikkje.

– Det har vore ei veldig bratt læringskurve med mange forskjellige utfordringar, seier Taline Vinjevoll Årdal. – Det er aldri ein kjedeleg dag på jobb, og det er alltid noko nytt som skjer.

Også Øystein Silde Frønsdal har funne ein nerve i journalistyrket. – Det er berre eit indre driv eg kjenner på, seier han. Sjølv er han oppvaksen i Etne i Sunnhordland, men han kjenner distriktet her godt etter skule og utdanning i Nordfjord, Sogn og no Sunnfjord. Både Natalie og Taline er sunnfjordingar, frå høvesvis Vassenden og Førde.

Les heile intervjuet i Firda.