Close

Gode søkjartal til vårkullet

SOLID BUNKE: Kjell Ove Nordeide gler seg til å lese søknader. Foto: Taline Vinjevoll Årdal

Del innlegg

Heile 26 søknader låg i bunken då søknadsfristen til kull 16 gjekk ut sist natt. Det er ein soleklar rekord for vårkullet, som tradisjonelt er mindre søkt enn kullet som startar i august.

Blant søkjarane er 16 kvinner og 10 menn. At fleire kvinner enn menn søkjer, har vore regelen heller enn unnataket heilt sidan Nynorsk avissenter starta i 2013. Derimot har den geografiske fordelinga endra seg. Fleire av dagens søkjarar kjem frå andre landsdelar enn nynorskområda i vest. Søknadene har komme frå Tromsø i nord til Halden og Kristiansand i sør. Ein søkjar bur i Italia, men har rett nok studert her til lands.

No startar finsikting av kandidatar til dei fire stillingane. Etter intervjurunde er målet å ha namna klare tidleg i november. Kull 16 startar opplæringa i Førde 4. januar og avsluttar med praksis i avisredaksjon i mai og juni.