Close

I front på årets nyheitsnettstad

DIGITAL KOMPETANSE: Marie Havnen (t.v.) har gitt praktikantane innføring i arbeidet på nyheitsdesken.

Del innlegg

Denne veka har praktikantane prøvd seg som frontredigerarar i Firda. På nyheitsdesken har utviklingsredaktør Marie Havnen delt kunnskap og smarte grep for å fange interessa hos lesarane.

Det er som kjent sjeldan lurt å gå over bekken etter vatn, og like unødvendig er det å gå til andre enn firda.no for å lære korleis fronte ei avis på nett. Praktikantane i Nynorsk avissenter kan nemleg rose seg av å levere innhald til «årets lokale nyheitsnettstad».

At Firda i haust gjekk til topps i den riksdekkande kåringa til Mediebedriftenes Landsforening (MBL), er ei fjør i hatten for dei Firda-tilsette. Men det betyr også mykje for journalistpraktikantane å vite at dei er med på dette laget. Høyr berre kva juryen seier:

«Avisa bokser over sin egen vektklasse og leverer et nyhetsnettsted med en tydelig strategi som gir gode resultater uten å miste særpreg. Avisa spiller på hele laget, og har klokkertro på egen strategi for å nå yngre målgrupper. Det oser av begeistring og pågangsmot. Alle andre lokalaviser bør se og lære av Firda. Bravo!»

– Kjekt å få moglegheita til å lære av ein så dyktig redaksjon, kommenterte Taline Vinjevoll Årdal då kåringa vart kjend.

Firda-redaktør Kai Aage Pedersen, som også er styreleiar i Stiftinga Nynorsk avissenter, kan gle seg over at praktikantane har ein så god lærearena – ikkje minst i jakta på unge lesarar.

– Redaksjonen i Firda jobbar knallhardt med dette kvar einaste dag. At dette blir lagt merke til i nasjonal målestokk, er veldig kjekt og gir oss nye krefter til stå på vidare.

BEST I LANDET: MBL kåra i haust Firda til «årets lokale nyhetsnettsted». Her viser Sofie Retterstøl Olaisen det synlege beviset. Frå v. Natalie Liabø Hermansen, Taline Vinjevoll Årdal, Synne Muren Olsen og Øystein Silde Frønsdal. Foto: Kjell Ove Nordeide