Close

Marte (29) blir journalist i Oslo

Marte Husabø, praktikant våren 2019, er tilsett i Framtida Junior – i denne omgang som journalist i eitt års engasjement.

Del innlegg

– Kjempepluss å få skrive nynorsk i Oslo, seier Marte Husabø, som snart takkar for seg i TV2 i Bergen og flyttar til hovudstaden.

Om ein månad, nærmare bestemt 1. november, er Marte på plass i redaksjonslokala til Framtida junior i Kirkegata 17. Der kjem ho til å dele arbeidsplass med «storesøster» Framtida.no og endå større ABC Startsiden.

Akkurat no ser Marte fram til å arbeide i ein mindre redaksjon. Heller enn 400 kan ho snart telje dei nærmaste kollegaene på ei hand, og det trur ho skal bli godt. Mest spent er ho på målgruppa ho skal jobbe med.

Korleis ein 12-åring tenkjer

– Det blir ei bratt læringskurve. No skal eg prøve å setje meg inn i korleis ein 12-åring tenkjer og kva som er interessefeltet til dei unge i dag. Eg trur det blir kjekt og utfordrande.

Framtida Junior er ei redaksjonelt uavhengig avis for barn, og avisa har som mål å styrkje nynorsken og bidra til å auke og få fram engasjementet til barn og unge. Framtidajunior.no er først og fremst ein nettstad, men kjem som magasin i papirversjon annakvar veke.

– Avisa blir mykje brukt i skulesamanheng, men opplever vekst generelt, ikkje minst no under koronapandemien.

Gler seg til å bli skrivande

I tillegg til den breie journalistikken slår Framtida Junior eit slag for meiningsytring, skrivekonkurransar og kvissar. Marte håpar å kunne bidra med kompetansen sin innan grafikk og sosiale medium. – Eg vil jo møte lesarane i dei kanalane dei sjølve brukar, seier Marte.

I tillegg har ho eit ønske om å få reise rundt i distrikta der ho finn kjernen av nynorskbrukande barn. Ho gler seg uansett til å komme i eit nynorskmiljø igjen, og likeins gler ho seg til å bli skrivande journalist igjen.

– Det er dette eg har hatt lyst til sidan eg forlet Nynorsk avissenter i fjor.  Endeleg klaffa det.

Marte fekk permisjon frå jobben som kundekonsulent i TV2 då ho tok opplæringa i Førde. Etter at ho kom tilbake til TV2 har ho deltatt i ulike prosjekt. Ho nemner mellom anna desking av barneinnhald på Sumo og utvikling av chat-robot. Sidan mars har det blitt heimekontor i Bergen, og i desse dagar lærer ho opp kollegaer – på Teams. No kjenner ho at ho er klar for noko nytt.

Gjensyn med sambygdingen Hilde

– Eg er kjempeglad for tida i Nynorsk avissenter. Eg ville ikkje ha vore den forutan. Det er der eg har lært alt det grunnleggjande i journalistikken, alt frå intervjuteknikk til det å byggje opp ei sak. Og så må eg nemne alle dei hyggelege folka.

Marte ser at mange venner har hamna i Oslo. Der vil ho også møte fleire tidlegare praktikantar frå Nynorsk avissenter.

Gjensynet med Hilde Greve Mo blir spesielt. Ikkje berre kjem dei frå same bygda i Sogn. Begge har gått vegen om Nynorsk avissenter, Hilde i kull 11 hausten 2018, Marte i kull 12 våren etter. Begge hadde praksistida si i Firda, og Hilde fekk jobb der vidare. Slik gjekk det til at dei vart kollegaer i Firda då Marte jobba der til over sommaren. Seinare flytte Hilde til Oslo då ho vart tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Norges Blindeforbund. Dette skriv Hilde om stillinga si: https://www.nynorskavissenter.no/2020/02/17/aldri-ei-ulempe-a-kunne-nynorsk/

 

GODT PAR: Marte Husabø i aksjon på desken i Firda saman med Hilde Greve Mo (t.h.), sambygding frå Leikanger i Sogn.