På lufta direkte frå NRK-doen i Førde. Det var eitt av fleire kreative påfunn då praktikantane prøvde seg på direktesending i dag. Utstyrt med iPhone har dei i to dagar vore «mobiljournalistar», der telefonen er det viktigaste verktøyet. Dei filmar, redigerer, overfører – med seg sjølv både framfor og bak kameraet – og alt dette ved hjelp av den vesle skjermen. Resultatet er rett og slett imponerande.
NRK-fotograf Ole Andre Rekkedal steppa inn som kurshaldar på kort varsel og løyste oppdraget elegant. Å reise frå Lofoten til Førde med mange mellomlandingar var ikkje aktuelt i desse tider, så John Inge Johansen måtte nøye seg med å møte praktikantane på skjermen i starten av første kursdag. Frå heimen sin i Svolvær klarte han likevel å formidle sin entusiasme for MOJO – journalistikk med mobiltelefon.
Johansen har vore ein pioner på dette området. Kanskje tar praktikantane opp arven.

Kurshaldar Ole Andre Rekkedal i Førde hadde med seg MOJO-pioner John Inge Johansen frå Lofoten.