Close

Ingrid blir journalist i Sunnmøringen

Del innlegg

– Eg vil skape engasjement, seier Ingrid Hjellbakk Kvamstø (25), som nyleg vart tilsett som journalist i Sunnmøringen. Så seint som i vår gjekk ho i kull 14 ved Nynorsk avissenter.

Ingrid avslutta opplæringa med to månader journalistpraksis i Vestnytt på Sotra. Der fekk ho halde fram i sommarjobb i dei to samarbeidande avisene Vestnytt og Askøyværingen. I Sunnmøringen er ho i første omgang tilsett for eitt år med sjanse for forlenging.

Målsettinga til Ingrid er klar: – Det er viktig å styrke demokratiet og avdekke kritikkverdig forhold, seier ho til Medier24. – Eg håpar på å få skrive saker som engasjerer, og som kan bidra til å skape engasjement i lokalmiljøet.

Sjølv om Ingrid er frå Arna ved Bergen, har ho godt kjennskap til Stranda. Ein del av familien hennar er frå området, og Ingrid gled seg no til å bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.

Då Ingrid kom til Nynorsk avissenter på nyåret, heldt ho på med å avslutte ein master i fotografi ved Kingston College i London. Før det studerte ho PR, kommunikasjon og media i Volda. Ho har også arbeidd i to av landets største studentredaksjonar med tekst og bilde i tillegg til radio. Alt dette er erfaringar som kan komme godt med i jobben som journalist.

Foto: Bent Are Iversen