Close

Koronaen stoppa ikkje Silje

Del innlegg

Silje Kristin Guddal hadde ingen vanskar med å nå fram til dei ti journalistpraktikantane i Førde. Sjølv om ho sat i Stryn, fekk ho tydeleg formidla bodskapen sin i føredraget «Nordre Bergenhus Amt»: Dette landskapet nord i Vestland er eit eldorado for journalistar!

Praktikantane hadde mange spørsmål, og den tidlegare NRK-journalisten delte raust av erfaring og kunnskap om Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Korona vart sjølvsagt nemnt i presentasjonen hennar, men smittefaren har ikkje stoppa opplæringa i Nynorsk avissenter, heller ikkje i NRK Nynorsk mediesenter. Den faglege planen let seg gjennomføre, rett nok med justeringar.

Derimot må dessverre ein tradisjonsrik sosial aktivitet gå ut. Den populære matlaginga på Fjordamattunet vart for vanskeleg å tilpasse strenge reglar om avstand.

Koronaen gjer dessutan til at vi denne hausten ikkje kan tilby redaksjonelle medarbeidarar plass på førelesingane våre.

Vi får tru på betre tider, og i mellomtida gler vi oss over at to vestlandsteater inviterer til urpremiere i Førdehuset 27. august. Praktikantane skal sjå «Vestland, Vestland» av Finn Tokvam, ei passande oppfølging av skjermpresentasjonen til Silje Guddal om Nordre Bergenhus.