Close

Kull 15 er i full sving

Frå v. Øystein, Sofie, Natalie, Synne og Taline er på plass i Førde, klar for spennande og intense månader. Foto: Ingunn Osland

Del innlegg

Alltid høgtid når eit nytt kull nynorskpraktikantar går inn dørene til Firda-huset, finn plass hos Nynorsk avissenter og motivert fortel om forventningane til det kommande halvåret.

Natalie Liabø Hermansen, Sofie Retterstøl Olaisen, Synne Muren Olsen, Taline Vinjevoll Årdal og Øystein Silde Frønsdal i kull 15 har allereie gjort seg kjende hos Firda og i Førde, hatt førelesing om landsdelen dei har komme til, og utforska ny pc og mobiltelefon. Frå første dag er journalistikken og nynorsken gjennomgangstema, og eit tett program ventar dei neste vekene. Det kreative arbeidet med første tekstane er i gang.