Close

Synne og Karoline fekk fast stilling i same avis

Karoline Nordgulen (t.v.) og Synne Grimen Hammervoll er kollegaer i avisredaksjonen i Knarvik sentrum.

Del innlegg

Dobbel glede i Avisa Nordhordland om dagen. Der er både Synne Grimen Hammervoll (27) og Karoline Nordgulen (23) tilsette i faste journaliststillingar.

Dei to tidlegare praktikantane i Nynorsk avissenter, Synne i kull 12 og Karoline i kull 13, har hatt vikariat i same avis, og dei gler seg stort over at begge får halde fram som kollegaer.

I Nynorsk avissenter hadde Synne praksis i Sunnmørsposten i Ålesund med påfølgjande vikariat i to månader i fjor sommar. I september vart ho tilsett i vikariat i Avisa Nordhordland.

– Eg ville komme meg nærare Bergen og såg at Avisa Nordhordland lyste ut stilling. Eg fekk vikariat og er glad for at det vart fast til slutt, seier Synne.

På nyåret fekk ho selskap av Karoline, som først hadde praksisperiode i januar og februar og deretter fekk tilbod om ei vikarstilling.

To sogningar i redaksjonen

Dei er begge sogningar, Synne frå Kaupanger og Karoline frå Høyanger. Det er kjekt med ein bit av gamlefylket på kontoret, seier dei. Avisa består av ein ung redaksjon med tre faste journalistar i 20-åra. Dei fortel om godt samarbeid og trivsel på jobb.

– Det er alltid god stemning, og vi har det kjekt saman også på fritida, påpeikar Synne. – Eg synest det er veldig viktig med eit bra arbeidsmiljø. Det gjer at ein gler seg til å gå på jobb, seier Karoline.

– Sidan vi er så få journalistar og vi dekker eit så stort område som vi gjer, blir det mykje ansvar på kvar av oss. Vi har morgonvakter, dagvakter og kveldsvakter som rullerer kvar fjerde veke. På kveldsvaktene er vi åleine på kontoret store delar av tida, og når vi har morgonvakt, har vi også front- og nettansvar fram til vi er ferdige på jobb.

Spennande region

Det store ansvaret gjer at dei blir svært sjølvstendige og må kunne stå for eigne avgjerder, fortel Karoline.

– Vi er òg nøydde til å kunne jobbe med og setje oss inn i alle typar saker. Dagen kan starte med å jobbe med ei enkel kjappsak og avslutte med tunge politiske saker, seier Synne.

– Før eg starta her, trudde eg det kunne bli litt kjedeleg å jobbe i ei lita lokalavis. Men dette er ein spennande region, og det har heile vegen vore mykje å skrive om. Det er alltid noko som skjer innan politikk, næringsliv og andre felt, og eg har funne ut at det er veldig kjekt å jobbe i ei avis som dette, understrekar ho.

Bratt læringskurve gav sjølvtillit

Dei har lært mykje på kort tid av å jobbe i lokalavis, men begge er einige i at erfaringa dei har med seg frå Nynorsk avissenter er gull verdt.

– Som heilt uerfaren journalist fekk eg eit veldig godt grunnlag gjennom avissenteret. Eg vart kasta inn i ein avisredaksjon med dyktige journalistar. Læringskurva var bratt, men det har gitt meg meir sjølvtillit, seier Karoline.

– Vi har fått nytte av fleire av kursa vi hadde, men det var også ufatteleg lærerikt å komme rett inn i jobb som journalist i Firda, og slik lære ved å gjere, meiner Synne.

Fast jobb gir tryggleik, men …

I ein usikker jobbmarknad er dei begge takksame for å få fast jobb, spesielt i denne koronatida. Fast jobb gir ein tryggleik som er fin å ha, seier dei. Samstundes har dei eit utfordrande yrke.

– Avisa Nordhordland konkurrerer med ei anna lokalavis som dekker dei same geografiske områda. Det gjer arbeidskvardagen endå litt meir hektisk og spennande. Kvar dag kjempar vi om å vere først ute med nyheiter, i tillegg til å lage betre avis enn konkurrenten.