Close

Dei fem utvalde til kull 15

Del innlegg

Dei vil satse på journalistikken, dei vil skrive på nynorsk, dei er samfunnsinteresserte, engasjerte og ikkje minst motiverte for å ta ei intensiv opplæring. Det er fellesnemnaren for dei fem som no er tilsette i kull 15 i Nynorsk avissenter.

Med 29 søkjarar hadde faglærar Ingunn Osland og dagleg leiar Kjell Ove Nordeide ekstra mange å velje mellom denne gongen. Gjennom videokonferansane viste seg også at det var små marginar som skilde dei som var med i vurderinga heilt til siste runde. Dei utvalde er alle i 20-åra og geografisk frå Trøndelag i nord til Agder i sør, men flest med vestnorsk bakgrunn.

Kull 15 startar opplæringa i Førde 19. august og avsluttar med to månader praksis i sjølvvalde avisredaksjonar i januar og februar 2021.

Øystein Silde Frønsdal (1995), Etne, er til sommaren ferdigutdanna lærar med faga matematikk, kroppsøving og samfunnsfag frå høgskulen i Sogndal. Gjennom somrar og feriar som journalist i lokalavisa Grannar har han likevel bestemt seg for mediebransjen med sine varierte utfordringar og møte med spennande menneske. I tillegg brenn han for nynorsken. Difor går vegen innom eit nytt journalistvikariat heime i Sunnhordland før han kjem til Førde.

Natalie Liabø Hermansen (1997), Volda, har ein bachelor i PR, kommunikasjon og media frå høgskulen i Volda. Ho har allereie sikta seg inn på journalistikken og har mellom anna hatt sommarvikariat som journalist i Sogn Avis. Som jølstring kjenner ho Sogn og Fjordane godt. Ho er samfunnsengasjert, glad i foto og historieforteljing, og har i tillegg ein lidenskap for skriving – på nynorsk.

Sofie Retterstøl Olaisen (1993), Grimstad, siktar mot journalistjobb og har erfaring som skrivande og pratande journalist i studentavisa Under Dusken og i studentradioen Radio Revolt i Trondheim. Denne våren har ho vore i Colombia for å produsere ein radiodokumentar om fredsavtalen i landet. Av formell utdanning har ho bachelor i musikkvitskap og musikkteknologi frå NTNU, og ho er utdanna musikk- og spansklærar. Språkinteressa gjer at ho har stor motivasjon for nynorsken.

Synne Muren Olsen (1994), Levanger, har fullført bachelor ved universitetet i Wollongong i Australia. Her valde ho å ta major i journalistikk og har fått erfaring med å produsere innhald i form av tekst, lyd og video. Samfunnsengasjement, og spesielt innsikt i likestilling og mangfald etter eit årsstudium ved NTNU, tar ho med seg inn i journalistikken. Nynorsken har ho med seg frå oppveksten i Sveio, eit spennande språkområde med Haugesund som nabo i sør.

Taline Vinjevoll Årdal (1998), Førde, studerer siste året på Økonomi og administrasjon på Høgskulen på Vestlandet og leverer ein bachelor til våren. Oppgåva skriv ho på nynorsk, som har vore eit førsteval gjennom heile utdanninga. Ho er samfunnsinteressert og konsumerer store mengder medieinnhald. Dette saman med at ho er nysgjerrig, engasjert og gjerne set fingeren på rett og gale, er argument for at ho no vel journalistvegen.

KULL 15: Frå venstre Natalie Liabø Hermansen, Taline Vinjevoll Årdal, Sofie Retterstøl Olaisen, Øystein Silde Frønsdal og Synne Muren Olsen.