Close

Lenge sidan så mange har søkt plass

Frå venstre Ingrid Hjellbakk Kvamstø, som frå 1. mai skal ha praksis i Vestnytt, Theo B. Wilson, som skal til Firda, faglærar Ingunn Osland, Marie Håland, som skal til Stavanger Aftenblad, Andrea Sørøy, som skal til Nationen, og dagleg leiar Kjell Ove Nordeide. Foto: Bent Are Iversen

Del innlegg

Samstundes som faglærar Ingunn Osland og dagleg leiar Kjell Ove Nordeide førebur seg på å sende dei fire praktikantane i kull 14 ut i praksis, skal dei plukke ut fem kandidatar til nytt kull som skal starte i august. Aldri før har dei to hatt ein så stor bunke søknader å velje frå.

Då søknadsfristen gjekk ut natt til i dag, hadde det meldt seg 29 søkjarar. Av dei er 21 kvinner og 8 menn. Til samanlikning kom det i fjor 21 søknader til same tid.

– Eg er både positivt overraska og letta, seier Kjell Ove Nordeide. – Det var veldig stille i påskeveka, og eg lurte på om uvissa rundt koronapandemien ville skremme bort søkjarane. Tvert om ser eg no at ekstra mange vil nytte sjansen til å lære seg journalistikk eller ta ein hestekur i nynorsk – eller begge delar. Eg er dessutan glad for å sjå at alle landsdelane er representerte denne gongen. Vi har søkjarar frå Tromsø i nord til Egersund og Grimstad i sør. Det er ikkje så vanleg for oss å få søknader frå innlandet, men no er Valdres, Lillehammer og Lesja i bunken. Ikkje minst i desse områda er det viktig for avisene at det finst journalistar som kan skrive nynorsk.

Når Osland og Nordeide skal finsikte kandidatane dei kommande vekene, må dei ty til videomøte. Dette vert gjennomført likt for alle. Målet er å ha tilsett kull 15 i første halvdel av mai.