Close

Emma Johnsen Rødli tilsett i Morgenbladet

Del innlegg

Emma Johnsen Rødli (27) gjekk ut av Nynorsk avissenter 1. mars etter to månader avsluttande praksis i Dag og Tid (bildet). Kort tid etter er ho tilsett i Morgenbladet i Oslo. Der blir ho «ansvarleg for lesarengasjement», som det heiter.

– Først og fremst skal eg produsere innhald til sosiale medium og nyheitsbrev av det redaksjonelle innhaldet i Morgenbladet. Eg skal også jobbe med analyse og innsikt, seier Emma om stillinga, som opnar for litt deskarbeid. Det inneber tekstredigering og publisering på nettsidene til Morgenbladet.

Nyttig lærdom frå avissenteret

Før Emma tok journalistopplæringa i Nynorsk avissenter kull 13 jobba ho med sosiale medium for Dag og Tid. – Ein stor skilnad er at eg går inn i ei full stilling. Derfor håpar eg å gjennomføre endå fleire av ideane mine i den nye jobben.

– Eg trur det meste eg har lært og erfart i avissenteret blir nyttig. Når eg skal arbeide med tekstredigering, er det viktig at eg har innsikt i god journalistikk. Gode kollegaer og staben i Nynorsk avissenter har gitt meg mykje god rettleiing i korleis bygge tekstar. Og kunnskap om journalistikk har eg fått gjennom kursing og dagleg praksis i Firda.

Vil gjerne løfte ein god tekst

Emma seier at ei nyttig erfaring ho tar med seg, er at journalistikk inneber så mykje meir enn sjølve skrivinga. Ho oppdaga at ho er glad i å redigere språk og form, aller helst tekst ho ikkje har skrive sjølv.

– Eg er veldig glad i å skrive, men eg vart kanskje meir glad i å jobbe med den delen av tekstproduksjonen som skjer etter at skribenten har lagt ned pennen. Eg likar godt når eg kan vere med på å løfte ein god tekst endå høgare, eller når eg kan hjelpe andre ved å komme med eit perspektiv utanifrå.

Ho synest også det er gøy og motiverande å jobbe på sosiale medium, – bli utfordra på korleis ho kan presentere journalistisk innhald gjennom ulike kanalar, og helst på ein måte som gjer at folk vil lese vidare.

Tar med seg inspirasjonen

Emma understrekar det fine i å ha blitt kjent med kollegaer som ho kan rådføre seg med og bli inspirert av vidare.

– Så Nynorsk avissenter har vore veldig nyttig for meg. Eg har lært mykje eg treng i arbeidet vidare gjennom kursing og daglege utfordringar. Eg har fått erfaring som journalist gjennom praksis i Firda og Dag og Tid, og eg har funne ut kva delar av journalistikken eg synest det er mest gøy å drive med – i alle fall no.

Emma takkar kollegaene i kull 13 som ho kan rådføre seg med og bli inspirert av vidare. Frå venstre Peder Skjelten, Oda Heggedal Longvastøl, Anne Sigrid Timberlid Hundere og lengst til høgre Karoline Nordgulen.