Close

Farvel pandemistorbydrit

Del innlegg

Det var i åttetida på kvelden mailen tikka inn. Eg opna telefonen med spente fingrar. Hjartet banka då eg skumma gjennom teksten med målretta auge. Hjartet slo raskare no. Eg stoppa opp. Der stod det. Svart på kvitt. Eg var kalla inn på intervju.

Eg kjente noko pompøst breie seg i kroppen. Sjølvsagt var eg kalla inn på intervju. Kvifor skulle eg ikkje vere det? Eg hadde jo skrive ein god søknad. Med pittelitt hjelp frå mor då, men ikkje mykje. Dette var faktisk noko eg hadde gjort sjølv. Heilt åleine. Etter seks månader med arbeidsløyse og tomme jaktmarker hadde eg endeleg fått napp. Ikkje fleire tomme dagar med tørre knekkebrød. Nei du, ikkje no lenger.

Frå no av skal det bli nye tider. Frå no av skal eg gjere familien min stolt, og skrive gravesakar på klingande nynorsk. Eg skal lære eit handverk med tradisjon og substans. Ikkje fleire skattesmellar. No skal eg skrive i avisa. Lage podkast med aktuelle og spennande gjester. Eg skal bli ein respektert og beundra journalist. Ikkje fleire dagar med lua i handa hos NAV. Aldri meir hundeliv og slit. Ikkje meir rangel, tull og uoppfylte draumar. Nei du. Frå no av skal eg bli som Reggie Yates. Eg skal både vere skodespelar og journalist. Spele i store filmar som håvar inn tonnevis med penger, og på same tid skrive viktige saker som utfordrar makta. Ikkje meir pandemistorbydrit. Ikkje ringe til mor og be om hjelp. Nei du, ikkje no lenger.

Eg smilte nøgd for meg sjølv, tok opp telefonen og ringde til mor for å fortelje om den nye framtida mi. Det blei heilt stille før ho sa: «Du skal skrive nynorsk?»

Ja, seier eg. «Å herregud. Då må jo eg slutte i jobben, om eg skal rette alt du skriv».