Det siste mor mi gjorde før eg byrja på avissenteret, var å gje streng beskjed om at ho vil ha i hende alle aviser sakene mine kjem på trykk i. Og det må ho jo få, eller? Om eg hadde fått viljen min, hadde eg berre lese papiraviser. Berre brukt […]
Read More
Eg smigrar meg sjølv og ser for meg Hunter S. Thompson der eg fyk nedover E39, på veg frå garden på Nordmøre, til det eg berre kjenner som Norges styggaste by: Førde. Hondaen kan kanskje ikkje måla seg med ein amerikanar, men den får duge. Snart skal eg vere den […]
Read More
«Du køyrde vel traktor til skulen,» kan nokon tenkje. På det smalaste området i Uskedal er ein gard som heiter Klammeren. Fjella Ulvanosa og Mannsvatnet ruvar over oss på kvar si side. Her vaks eg opp. Med sauer som næraste nabo. I bakgrunnen er elvebrusen, naturen si eiga «white noise». […]
Read More
Eg trur verda kunne vore betre, og eg meiner me har eit ansvar for at ting skal verta betre. Eg vil verta journalist fordi eg meiner nokon andre enn meg bør ta det ansvaret. Det høyrest kanskje urimeleg ut at eg ikkje er villig til å gjera jobben sjølv, og […]
Read More
Den gule nynorskordboka mi ser ikkje ut! Fargen er falma, permen er skrukkete og sidene brunfarga. Utan å ha ei god forklaring på kvifor, har boka blitt med meg på ferda. Ho blei sittande stille på ei hylle medan eg las statsvitskap på bokmål, dansk, tysk og engelsk. Det er […]
Read More
Det var det hersens spørsmålet som alltid luskar i hjørnet kvar gong eg møter nye menneske. «Kor kjem du frå?» Det er ikkje namnet eller andletet mitt dei meiner. Det er den samanraska, sprikande og uplasserlege dialekten som ikkje passar inn nokon stad. Alle i Norge kan bli sortert i […]
Read More
Eg må innrømme at eg er eit bymenneske. Eg er rett nok oppvaksen i ei lita bygd på Sotra, men har budd heile mitt vaksne liv i Bergen. Der er det stadig vekk noko som skjer og fram til mars 2020 fekk vi til og med besøk av internasjonale artistar […]
Read More
Eg har alltid vore bygut. Kanskje har eg prøvd å distansere meg frå det: Eg har gått landbruk, og eg har wunderbaum og nikkedokke i bilen. Men til sjuande og sist så er eg frå byen Gjøvik. Og til folk som kanskje stussar: Gjøvik er ikkje på Toten. Eg flytta […]
Read More
Eg hugsar framleis dagen eg slutta å skrive nynorsk. Då eg byrja på ungdomsskulen, vart nynorsk- og bokmålselevane blanda. Eg hadde framleis nynorsk som hovudmål, men enda opp i klasse med ein gjeng populære bokmålsbrukarar. Og for å passe betre inn, bytte eg frå å skrive nynorsk til bokmål. Augneblinken […]
Read More
Eg voks opp på Lønning gard i det fagre øyriket Sunnhordland. Trass i den naturreine venleiken og det overveldande tilgjenget til gardsressursar i form av vegetasjon, blomar, grønsaker og dyr, har eg stendig fått høyra at garden ikkje vil vera eit tilstrekkeleg levebrød. Stundom har eg vore uviss på korleis […]
Read More