Close

Drøymer eg eller er eg i Førde?

Del innlegg

Eg må innrømme at eg er eit bymenneske. Eg er rett nok oppvaksen i ei lita bygd på Sotra, men har budd heile mitt vaksne liv i Bergen. Der er det stadig vekk noko som skjer og fram til mars 2020 fekk vi til og med besøk av internasjonale artistar i ny og ne. Dommedag er noko som kjem fleire gonger i veka. Om ikkje det er trenaren eller styret i Brann som må gå, er det festspeldirektøren eller heile byrådet. Avisene treng ikkje bruke verkemiddel som: «AKKURAT NÅ AKKURAT NÅ AKKURAT NÅ», lesaren reknar med at det er krise.

No er Bergen berre ein prikk i bakspegelen til bussjåføren på Fjordekspressen. Eg har pakka sekken og forlate det travle storbylivet til fordel for idylliske Førde i Sunnfjord. Her vil eg freiste å bli journalist, og på vegen grubliserer eg på kva i all verda eg skal finne på å skrive om, som skjer her oppe. 23:30 søndag kveld stoppar endeleg bussen på Førde rutebilstasjon. Regnet pøser ned og rundt meg er alt svart. Då eg rundar hjørnet på bussen, møter eg ein stor kvit kube med neonlys som tyt ut gjennom sprekkene. På andre sida av rutebilstasjonen ser eg berre ruinar av det som eg seinare får vite at skal bli det nye Nynorskhuset. Kva slags dystopisk verd er det eg har komme til?

På veg til min første dag på Firda lurer eg på om ikkje det nokon gong skal bli lyst. Det lysesvarte skydekket ligg som eit lokk over gløttet som opnar seg mellom fjella. Framme på kontoret er det fullt kaos. Firda og Amedia har blitt hacka. Det blir kviskra i gangane om utanlandske hackarar. Eg ser for meg dei utanlandske hackarane som hamrar laus på tastatura sine, mens dei blir piska av sjefen: «Fortare, karar! Hack fortare!». Anti-hackarane til Amedia er sjanselause. «Dra ut stikkontakten!» ropar nokon og alt blir svart.

Eg opnar auga og ser rundt meg. Rulleteksten til «The Matrix Resurrections» rullar over skjermen. Eg er i Lisjesalen på Førdehuset. Var alt berre ein draum? Nei, eg er i røynda. No er eg klar for nye eventyr i Førde og omegn.