Close

Frå bysoss til fjordtulling

Del innlegg

Eg har alltid vore bygut. Kanskje har eg prøvd å distansere meg frå det: Eg har gått landbruk, og eg har wunderbaum og nikkedokke i bilen. Men til sjuande og sist så er eg frå byen Gjøvik. Og til folk som kanskje stussar: Gjøvik er ikkje på Toten.

Eg flytta frå Gjøvik til Bergen, ein større by. Der studerte eg sosiologi og medievitskap. Bygut-fag. Så flytta eg til Oslo, ein endå større by. Men tida mi i Tigerstaden varte ikkje lenge, og grunnen er enkel. Eg har lite å gjere på Austlandet.

Det er vanskelegare å få seg ein god jobb i storbyen, så det var ikkje eit alternativ å flytte attende til studiebyen Bergen. Så eg fann meg ein flott jobb i Årdal, som journalist i nettavisa Porten.

Den som seier at vestlandsbygda er død, har berre sagflis mellom øyra. Ho har ein livleg, framtidsretta industri. Ho har natur, fjord, dialekt og nynorsk … Eit samansurium av tradisjonsrik kultur som ein ikkje har mange stader på Austlandet.

Eg seier berre: «Test ut vest». Ikkje plagget – det kan trønderane styre – men landsdelen på havsida av Filefjell og Hardangervidda. Her finn ein alt frå sider til artige skildringar om såkalla «bygdeoriginalar», slik Kjell Aukrust kalla dei i Flåklypa. Ressurssterke samfunnsborgarar med ein humor og sjarm ein ikkje finn i til dømes Oslo.

Og her har alt sin sjarm: Sjølv dårlege vegar. Køyrer eg bortover ein tvilsam fylkesveg med fjelloverheng og krappe svingar, då veit eg at eg er heime.