Close

3. februar 2022

Angrerett

Eg hugsar framleis dagen eg slutta å skrive nynorsk.

Då eg byrja på ungdomsskulen, vart nynorsk- og bokmålselevane blanda. Eg hadde framleis nynorsk som hovudmål, men enda opp i klasse med ein gjeng populære bokmålsbrukarar. Og for å passe betre inn, bytte eg frå å skrive nynorsk til bokmål. Augneblinken eg bytte om har brent seg fast i sjela. Det utspelar seg som ein film når eg lukkar auga.

Ein varm haustdag i september tikka ei melding inn på mobilen. Den var frå ei av jentene i bokmålsgjengen. Ho spurde om eg ville vere med på senteret. Sjølvsagt ville eg bli med. Men eg hadde andre planar seinare på kvelden, så eg kunne ikkje bli lenge. Eg formulerte fram meldinga: «Jeg kan ikke bli så lenge». J-en hadde snike seg frå ordet «ikkje» over til ordet «eg». SEND.

Og like fort som j-en hadde bytt plass, hadde eg bytt over til bokmål. Sidan har eg skrive bokmål. Eller rettare sagt, fram til i dag. Dagen eg byrja som praktikant i Nynorsk avissenter som nynorskskrivande journalist. Frå no av vil 3. januar vere brent inn i minnet mitt som dagen eg endeleg bytte tilbake. Takk og lov for angrerett.