Close

Vår 2022

Den gule boka

Den gule nynorskordboka mi ser ikkje ut! Fargen er falma, permen er skrukkete og sidene brunfarga. Utan å ha ei god forklaring på kvifor, har boka blitt med meg på ferda. Ho blei sittande stille på ei hylle medan eg las statsvitskap på bokmål, dansk, tysk og engelsk. Det er […]

Read More

Talemålsuppa

Det var det hersens spørsmålet som alltid luskar i hjørnet kvar gong eg møter nye menneske. «Kor kjem du frå?» Det er ikkje namnet eller andletet mitt dei meiner. Det er den samanraska, sprikande og uplasserlege dialekten som ikkje passar inn nokon stad. Alle i Norge kan bli sortert i […]

Read More

Frå bysoss til fjordtulling

Eg har alltid vore bygut. Kanskje har eg prøvd å distansere meg frå det: Eg har gått landbruk, og eg har wunderbaum og nikkedokke i bilen. Men til sjuande og sist så er eg frå byen Gjøvik. Og til folk som kanskje stussar: Gjøvik er ikkje på Toten. Eg flytta […]

Read More

Angrerett

Eg hugsar framleis dagen eg slutta å skrive nynorsk. Då eg byrja på ungdomsskulen, vart nynorsk- og bokmålselevane blanda. Eg hadde framleis nynorsk som hovudmål, men enda opp i klasse med ein gjeng populære bokmålsbrukarar. Og for å passe betre inn, bytte eg frå å skrive nynorsk til bokmål. Augneblinken […]

Read More