Close

Praktikant

Noregs styggaste by?

Kvifor skal du flytte til Førde? Er ikkje det Noregs styggaste by? Dette spørsmålet fekk eg frå dei rundt meg på Austlandet, der eg har jobba som lektor dei siste seks åra. Fint vêr «heile tida», nærleiken til Gardermoen og sjølvaste hovustaden med alle tilboda. Dette måtte no vere mykje […]

Read More

Firdaspråket og meg

Dei seinare åra har eg rive meg i håret og brukt mykje tid på å læra meg å skriva a-infinitiv. Der ser de, eg har alt skrive minst ein a-infinitiv. På intervjuet til Nynorsk avissenter kom me inn på dette. Ingunn, Kjell Ove eller Ivar spurte meg korleis det stod […]

Read More

Har eg nynorsk-overdose?

Er det lurt å reisa til Nynorsk avissenter for å avrusa seg frå nynorsk? Eg har bruka mykje av livet dei siste åra på nynorsk. Eg har vore med på landsmøte og landsstyremøte og årsmøte og meir. Eg har krangla med alle arbeidsgjevarar eg nokosinne har hatt om å bruka […]

Read More

Eit rasande engasjement for orda

Det har kribla i skrivelysta sidan eg fekk tilbod om stillinga som praktikant. Eg har gledd meg til å fordjupe meg i journalistikksjangeren. Til å skrive sakleg og beint fram om folk og hendingar. Det er slik eg likar språket best. Men gleda sprekk når eg startar på fyrste skriveoppgåve: […]

Read More

Firda fekk meg opp og fram. Takk!

«Ei scene! Opp der skal eg!», var første instinkt kvar gong denne Askvoll-jenta såg ein måte ho kunne underhalde på. «Sceneskrekk? Kva er det?» forundra eg meg over når dette blei eit tema på barneskulen, ofte i samanheng med årlege juleframsyningar. Eg var nemleg først opp med handa; – Eg […]

Read More

Fortapt i omsetjinga

«Koffor det då?» Eit uttrykk som har følgt meg gjennom livet, så langt. Ikkje som eit vanleg spørsmål, men som ei blanding av undring og mild forskrekking avrunda med eit spørsmålsteikn, for å gjere det heile meir høfleg. Eg skjønar dei litt eigentleg. For i 2022, på ein heilt vanleg […]

Read More

Klare sjølv

Eg begynte tidleg å publisere. Allereie i barnehagen var eg med på å lage koke- og bakeboka «Klare sjøl». Det var nyttig lærdom, ikkje minst for han som fekk auga full av rennande smør. Han hadde misoppfatta instruksen om å ha smør i panna først. Etter dette gjekk publiseringskarriera mi […]

Read More