Close

Firdaspråket og meg

Del innlegg

Dei seinare åra har eg rive meg i håret og brukt mykje tid på å læra meg å skriva a-infinitiv. Der ser de, eg har alt skrive minst ein a-infinitiv.

På intervjuet til Nynorsk avissenter kom me inn på dette. Ingunn, Kjell Ove eller Ivar spurte meg korleis det stod til med nynorsken min. Ærleg som eg er, fortalde eg at den ikkje er perfekt, heller ganske uperfekt.

Likevel fortalde eg, stolt som ein hane, at eg nesten hadde meistra a-infinitiv. I Firda måtte eg truleg byta «a» med «e». Noko Ingunn eller Kjell Ove bekrefta.

Sommaren gjekk, eg fortsette å bruka «a», og kom til Førde. Alt fyrste dagen fekk me ein kjapp gjennomgang av Firdaspråket.

Det var verre enn frykta. Altso, ikkje at eg ikkje respekterer det. Men språket stilte meg til veggs. Som harding har eg fleire uakseptable trekk. «O» er ein av dei. Eg må altso skriva så, også og altså. Sjølv med eit språk med «o» som den endinga eg føretrekkjer.

Og ikkje nok med det. Eg må skriva vi. Vi, kva i all verda gjer ein harding då? Ei som aldri har skrive noko anna enn me, me, me. Det kjennest nesten ut som eg skal byrja å skriva jeg.

Likevel er det to ljos i tunnelen:

Det fyrste er eit retteprogram. Det rettar me til vi.

Det andre er de og dykk. For her brukar de vist dokke om begge. So det kan eg takka Hardanger for. Eg har endå eit intuitivt forhold til de og dykk, eller de og deko som me likar å seia.