«Koffor det då?»
Eit uttrykk som har følgt meg gjennom livet, så langt. Ikkje som eit vanleg spørsmål, men som ei blanding av undring og mild forskrekking avrunda med eit spørsmålsteikn, for å gjere det heile meir høfleg.
Eg skjønar dei litt eigentleg. For i 2022, på ein heilt vanleg tysdagsmiddag med to venninner, sa eg ut av det blå: «eg trur eg skal leggje om til nynorsk.» Det vart så stille at eg nesten kunne høyre dei skjelve på bokmål.
Med auge store som tekoppar og spente kjevar, såg det ut som om eg nettopp hadde fortalt dei at eg berre skulle ete mose, leve utan straum med ein foliehatt ute i skogen.
«Nynorsk? Koffor det då?»
Rett nok må eg nemne at dei begge er bokmålsbrukarar med dysleksi, og derfor ikkje har lært nynorsk på skulen. Sjølv har eg ikkje skrive nynorsk sidan vidaregåande. Vi var alle skremde på kvar vår måte.
No er vi i 2026. Anten er eg idérik eller så er eg berre ein smule distraherbar.
Likevel er det noko med nynorsken som har gitt meg gnagsår på hjernen, det gir ikkje slepp! Det er eit språk med meir sjel og rytme. Eg kunne brukt ord som «hjå» og «åtgaum», kven ville ikkje det?
Sjølv om det er lett å miste motet når eg må slå opp på annakvart ord og hugse på at hokjønn faktisk er ei greie, roper hjernen min på godt bergensk «KOFFOR DET DÅ?». Eg svarer like enkelt «korfor ikkje?».
Eg har valt nynorsk fordi eg vil og kan. Viss eg går meg vill undervegs gir det meg berre noko å le av.
Om eg blir fortapt i omsetjinga betyr det ikkje noko, så er eg i alle fall på veg. Om alt anna feilar kan eg alltids skulde på omsetjaren og late som om det ikkje er meg.