«Ei scene! Opp der skal eg!», var første instinkt kvar gong denne Askvoll-jenta såg ein måte ho kunne underhalde på.
«Sceneskrekk? Kva er det?» forundra eg meg over når dette blei eit tema på barneskulen, ofte i samanheng med årlege juleframsyningar.
Eg var nemleg først opp med handa; – Eg melder meg frivillig – eg vil ha hovudrolla!
Eg fekk ofte avslag. Det var brutalt.
Blei eg furten? Om eg blei! Eg kunne ikkje forstå at nokon andre kunne gjere ein betre jobb i desse rollene enn det eg kunne!
Eg måtte tenke større. Askvoll skule var ikkje stort nok!
Heldigvis hadde eg og mormor ei felles interesse; vi hadde ein stor fascinasjon for den norske kongefamilien. Over det trygge kjøkkenbordet til mormor fekk eg ei openberring: eg må sende brev til kongen. Kanskje kunne han gi meg ei større rolle i denne verda enn det Askvoll skule kunne.
14 brev gjekk ut, og 14 takkebrev kom som svar.
Stolte var vi, men eg hadde enno ikkje fått den rolla som eg hadde håpa kongen skulle gi meg. Eg hadde trass alt skrive 14 brev til han. Teikna hadde eg òg!
Eg måtte endre taktikk!
– Kan vi ringe Firda? var spørsmålet som dukka opp heime på Gråberget i Askvoll.
Då Firda kom stod alle takkebreva mine frå Kongehuset klare i sofaen. Sjølv sat eg i midten – stolt som ein hane og klar som eit egg til å bli teken bilde av.
6. april 2004 var overskrifta på framsida av Firda følgjande; «Therese brevvekslar med kongehuset». Endeleg fekk eg den store rolla eg hadde vore på leit etter i mitt 8,5 år lange liv. No var eg offisielt blitt ein kjendis!
Stolt tok eg med meg Firda på skulen for å vise desse lærarane kva dei gjekk glipp av når dei gav meg avslag i dei store hovudrollene.
Det er derfor kanskje ikkje så rart at eg no sitt å skriv for Firda? Eg skyldar dei no såpass!