Eg køyrer dobbeldekkar over fjellet med mine åtte kolli. Fremst i andre etasje sit eg, som eit skulebarn på fyrste skuledag. Det vinglar. Skulebarnet ringer mamma. Er det trygt å køyre slike dobbeldekkarar? Ja, seier ho, det skal vere trygt. Eg ransakar stemma hennar.
Eg kjem trygt fram. Sjåføren frå Firda Billag handsamar dei krappe svingane med ei dødsforakt og eleganse ein austlending berre kan sitje og måpe av. For meg står han som arketypen; den herda, lakoniske vestlendingen. «Godt køyrt,» kommenterer eg.
Malplassert. Han syntest ikkje det var noko spesielt å snakke om. Han toler stille.
Ein austlending, derimot, mumlar og messer om kvarandre. Han nyttar fyllord slik eit barn nyttar ei rangle. Han svarer på spørsmål så fort han meiner høveleg er. Det er temmeleg fort.
Vestlendingen, eg ser han for meg no. Han tenkjer seg godt om, i to, tre – fire sekund før han svarer. Og så svarer han kort: to, tre – fire ord. Slik kan eg halde fram med å eksotisere dei. Denne eksotiseringa er kanskje årsaka til at eg angrip nynorsken med ei viss andakt. Eg vil ikkje vere bokmålselefant i porselensbutikken.
Eg var ein riksmålsstrevar, nærast dansk. No set eg meg ned på rumpa mi og lyttar. Om eg så må slå opp kvart sabla ord …