Det har kribla i skrivelysta sidan eg fekk tilbod om stillinga som praktikant. Eg har gledd meg til å fordjupe meg i journalistikksjangeren. Til å skrive sakleg og beint fram om folk og hendingar. Det er slik eg likar språket best.
Men gleda sprekk når eg startar på fyrste skriveoppgåve: ein petitartikkel med personleg vinkling. Motviljen breier seg i kroppen.
Brått vaknar skulejenta i meg, ho er rasande. Eg hadde nesten gløymd ho. Ho har brukt mykje tid og krefter på å rive seg i håret av skriveoppgåver på skulen.
«Skriv eit kåseri om å skulle rekke alt i ein travel kvardag.» NEI.
«Skriv ein kreativ tekst om utsjåandepress og merkeklede.» ALDRI!
Eg går meg ein tur på senteret for å roe hissigproppen.
Då eg starta på universitetsutdanninga kunne eg endeleg skrive meir som eg ville. Skrive kort og konkret. Greie ut og formidle. Det er lettare å få ut innhaldet når det ligg utanfor meg sjølv. Den trassige skulejenta roa seg, stort sett.
Ooh, regnjakke på sal! Det har eg ikkje pakka med meg. Eg høyrer førdianarane le av meg inni hovudet.
Eller, det er vel ikkje heilt sant at eg gav slepp på temperamentet då eg fekk skrive som eg ville.
Alle med engasjement for språket veit kor emosjonelt det kan bli å stå fast i ei setning eller vinkling. Håpar eg, då. Eg har i alle fall grått meir enn ein gong over ei setning som nektar å bli som eg vil ha ho.
Til gjengjeld er det ofte slik at tekstane eg har bala mest med, blir spesielt gode når floka først løyser seg. For ordens skuld bør eg seie at eg ikkje har for vane å grine meg gjennom alle tekstar eg skriv, men eg har lært at det kan ha sin verdi å streve med noko.
Eg har rota meg bort. Var det ikkje ein matbutikk her ein stad? Det var kanskje på andre sida av glasbrua. Eller på det andre senteret?
Hissigproppen kjem eg nok aldri til å sleppe heilt unna. Eg har lenge tolka han som motvilje, latskap og nokon gongar mangel på talent og evne. Eg vil med dette snu på det, og heller kalle han for eit rasande, og nokon gongar smertefullt, engasjement for språket og orda.
Matbutikk! Eg kjøper kjeks. Rasande engasjement eller ikkje, det nyttar ikkje å skrive med lågt blodsukker.