Eg begynte tidleg å publisere. Allereie i barnehagen var eg med på å lage koke- og bakeboka «Klare sjøl».
Det var nyttig lærdom, ikkje minst for han som fekk auga full av rennande smør. Han hadde misoppfatta instruksen om å ha smør i panna først.
Etter dette gjekk publiseringskarriera mi litt trått. I dag ser eg at det var mykje eg burde ha gjort på barneskulen.
Som å gi ut ei bok til, investere i aksjar og bitcoins, og kanskje kjøpe ei leiligheit i Oslo sentrum. Men det er lett å vere etterpåklok.
For min del gjekk det i staden mest i publisering på Facebook. Der vi før i tida la ut alt vi gjorde og tenkte på, utan å tenkje over om nokon i det heile hadde interesse av å lese det. Eg la ut om kva film eg skulle sjå på kino, kva vener eg skulle møte den helga, la ut bilete frå den vekas «photoshoot» og dokumenterte lunsjen min.
No veit eg sjølvsagt at Mark Zuckerberg følgde nøye med og var svært interessert i alt vi dreiv med.
Sidan den gong har eg teke ei meir akademisk retning og utdanna meg til biolog. Her er det presist språk og tydelege formuleringar som gjeld. Små skilnader kan få store konsekvensar, og feil plassering kan endre heile resultatet. Likevel har interessa for tekst og formidling halde seg, og det er nok difor eg sit her no.
Kanskje fordi eg framleis trur at ein god tekst, som ei god oppskrift, kan hindre at folk ender opp med rennande smør i auga.