Close

Har eg nynorsk-overdose?

Del innlegg

Er det lurt å reisa til Nynorsk avissenter for å avrusa seg frå nynorsk?

Eg har bruka mykje av livet dei siste åra på nynorsk. Eg har vore med på landsmøte og landsstyremøte og årsmøte og meir. Eg har krangla med alle arbeidsgjevarar eg nokosinne har hatt om å bruka det og det ordet, sjølv om «ingen snakkar sånn». Eg kan krangla om historisk stavemåte i svevne.

Eg hugsar nokon fortalde meg kvifor mange som rusar seg ikkje greier å slutta: «når du har rusa deg lengje nok har du inkje til felles med dei som ikkje gjer det, du veit ikkje å snakka om anna.»

Eg skulle ynskja eg ikkje kjende meg att. Medpraktikantane mine har eit sunt tilhøve til nynorsk. Dei skriv godt og kan saker og ting, dei er og opptekne av buldring, sport og venene sine heime.

Eg bit meg i leppa for å ikkje seia «dette skreiv Aasen om», bryt meg sjølv av når eg byrjar å fortelja om alle møta eg skal på og slår vitsar om kor mykje eg mislikar den og den forma.

Det største teiknet på at eg bør til legen er at eg er vorten allergisk mot nynorsk! Eg fjasar mykje «snokmålet», men eg må vedkjenna: eg likar betre å lesa bokmål.

Eg kan opna ei bok av Knausgård og kosa meg med henne sjølv ho er på pampemål. Men les eg Firda-nynorsk: e-infinitiv, Norge –æsj, det står 'kje i ordboka eingong!

Men er det rett at bokmålet som eg seier eg hatar går fritt medan eg kjeftar nynorsken gul og blå?

Eg kan seia kva eg vil, men ein ting er sant: dei som øydela den perfekte, geniale, framifrå, utrulege, heilage idéen til Ivar Aasen, var døydde og gravlagde før foreldra mine var fødde.

Eg har sett meg eit mål: eg skal slutta å vera nynorskavhengig!

Det vil ikkje seia at eg skal byrja skriva bokmål, men elska nynorsken som han er, ikkje slik eg ynkjer han skulle vore.

Og kanskje vera litt mindre clingy!