Mang ein gong har eg pakka saman saker og ting, og reist av garde. Med altfor mange genserar, og alt for få bukser, har eg tatt fatt på verda sidan eg var seksten år. Konfirmasjonspengar frå tallause onklar og tanter støtta mi første ferd aleine til andre sida av verda: Japan. Mora mi var skeptisk. Når det gjekk bra, klarte eg jaggu meg å overtyde ho til at eit år i Kina var ein strålande idé òg.
Då vart det slik: Ein sommar i Japan, blei til eit år i Kina, blei til ein bachelor i Kinesisk, og til nokon fine månadar i Taiwan.
Og no har eg verkeleg slått til igjen. Denne gongen gjekk turen til ein stad som skapte meir reaksjonar frå medmenneska mine på Austlandet, enn då eg annonserte at eg skulle ta VG2 i Kina.
Det einaste eg visste om Førde før eg kom til byen var at dei skriv nynorsk, og at Ronny frå NRK er her ifrå.
Plutseleg var alle i min omkrets ekspertar på Førde sentrum: «Fysj for ein by», «Det må vere Norges styggaste by», og «kvifor må vi lære nynorsk i 2026?» var reaksjonane eg fekk. Nokon var meir oppgitt enn andre, naturlegvis. Det var ikkje til å unngå at eg vart nervøs.
Eg vil bli journalist, men vil eg bli det på død og liv?
Svaret er ja.
Eg hadde ikkje noko anna val enn å setje meg på bussen som skulle frakte meg til det austlendingane tenkjer på som skrekkens by. Byen som skal ta imot meg og gjere meg til ein reinspikka journalist.
Sunnfjords metropol: Førde!
Eg held pusten i det eg går av bussen, redd for synet som ventar meg.
Der eg finn er eit sentrum som ser betre ut enn kva eg kan seie om fleire område i Grenland, der eg kjem ifrå.
Så, til alle austlendingar der ute: Førde er nok ikkje like stort som dei megametropolane det tydar på at vi har på Austlandet, men by – det er det.
Og om det er mangel på nok mat som bekymrar deg om ferda til Førde, så vil det glede deg å vite at dette er ein by med heile fire Rema 1000 og tre Coop Extra fordelt på dei snautt 11.000 innbyggarane, så dette er ikkje ein by de vil gå glipp av. Det kan du sitere meg på.