– Du kjem til å bli kjempekritisk!
Dette var mitt første møte med sosiologien. Eg fortalde ein venn at eg skulle studere sosiologi. Ho åtvara meg: – Då blir du kritisk, sa ho. Ho kjente ein anna sosiolog.
Fem år seinare, er det akkurat det eg har blitt. Kjempekritisk.
Men ikkje bli redd av den grunn. For om eg er den kritiske sosiologen på dagtid, har eg på fritida vore den engasjerte cheerleaderen.
Som cheerleader skal du smile konstant i 2 minutt og 30 sekund.
På denne tida skal ein også kaste og løfte opp personar i stunt. Ein skal lage pyramidar og turne synkront med til saman 24 andre. Og igjen, alltid smile.
Smile til dommarane, publikum og viktigast av alt; lagkameratane. Uansett om du får ei olboge rett i auge. Det har skjedd meg, og eg har derfor no ei titatiumsplate i augehola.
– No er auget ditt meir solid enn før, sa legen som opererte meg.
No skal eg kunne tole ein støyt.
Og dette er nok fint å ha med seg i møte med journalistyrket. Eit kritisk blikk, eit smilande engasjement – og eit solid auge.