Close

Talemålsuppa

Del innlegg

Det var det hersens spørsmålet som alltid luskar i hjørnet kvar gong eg møter nye menneske.

«Kor kjem du frå?»

Det er ikkje namnet eller andletet mitt dei meiner. Det er den samanraska, sprikande og uplasserlege dialekten som ikkje passar inn nokon stad. Alle i Norge kan bli sortert i boksar etter dialekten, det står i Grunnlova. Eg har austlandsk tonefall med skarre-R. Ordforrådet er frå Stavanger, med tendens til trønderord ispedd engelske og danske fraser. I kva for ein boks skal eg?

Saknet etter ein «skikkeleg» dialekt har likevel alltid vore der. Dei høgare maktene hadde det artig på bakrommet då dei gav meg lidenskap for språk – men gløymde ironisk nok evna til å lære meg dialekt. Heldigvis har eg høve i større grad enn andre til å leike med dialektar utan at eg lyder rarare enn elles. Då er det godt at eg skal arbeide med å skrive i staden for å prate på radio.

Mora mi vaks opp i Trondheim, Nairobi og Columbus. Ho fann seg ein texanar – han høyrest ut som ei vandrande bokmålsordbok med cowboy-bukser. Sjølv er eg fødd og oppvaksen i Stavanger. Dette er unnskyldninga mi som skal forklare talemålet mitt heimafrå. Etter ei påtvinga forteljing av familiekrønika, nikkar alle og er nøgde med forklaringa.

Men eg lar vere å fortelje om søstera mi. Ho snakkar klokkeklar Stavanger-dialekt. Ikkje veit eg kvifor.