Den gule nynorskordboka mi ser ikkje ut! Fargen er falma, permen er skrukkete og sidene brunfarga.
Utan å ha ei god forklaring på kvifor, har boka blitt med meg på ferda. Ho blei sittande stille på ei hylle medan eg las statsvitskap på bokmål, dansk, tysk og engelsk. Det er faktisk eit under at ho ikkje er blitt gløymd eller kasta ein plass i Bergen eller nede på kontinentet. Først no når eg skal i gang med å skrive denne teksten, får sidene luft mellom seg igjen. Det er første gong sidan 2008.
Mykje kan skje på 14 år. Sjølv om boka og orda den inneheld har fått stå i fred, har eigaren utvikla seg. Til dømes har eg endeleg forstått meininga til ordet konsekvens, og kva det vil seie å ha ei avgrensing. Eg har og fått kjenne på lykke og ulykke, og er i gang med å lære at noko unyttig faktisk kan vise seg å vere ganske nyttig.
Ser eg etter ord som kan forklare verda rundt meg, har dei òg vore med på ei reise. Til dømes forstod eg ordet krise som noko personleg, eller noko akutt og farleg som krevde handling der og då. I dag har ordet gått «viralt» og angrip alt frå straum og økonomi, til helse, flyktningar, klima og miljø.
At eg skal forsøke å bli journalist som fører pennen på plettfritt nynorsk, ser eg ikkje på som noko krise. Då blar eg meg heller fram til eit anna mykje brukt ord frå samtida. Ei utfordring er «noko som krev kamp og innsats (for å greie eller få bukt med)». Det er mykje som er utfordra her i verda. Alt frå demokrati til internasjonalt samarbeid kan seiast å vere nettopp det, og no kan eg trygt føre meg sjølv inn på den lista.
Jammen er eg glad eg ikkje har klart å få bukt med den gule boka mi heilt enno.