Close

Frykt og avsky i Førde

Del innlegg

Eg smigrar meg sjølv og ser for meg Hunter S. Thompson der eg fyk nedover E39, på veg frå garden på Nordmøre, til det eg berre kjenner som Norges styggaste by: Førde. Hondaen kan kanskje ikkje måla seg med ein amerikanar, men den får duge. Snart skal eg vere den som stiller statsministeren til veggs eller ta LSD og gå på Høgres landsmøte.

Men frykta gneg i bakhovudet. Er eg for gamal til å prøve noko nytt? Korleis skal livet på hybel bli for ein vaksen nevrotikar som har hatt sambuar i fem år? Sambuaren har heldigvis òg flytta på hybel, så eg trøystar meg med at vi begge lir like mykje.

Vegen hit har vore krunglete. I Trondheim studerte eg statsvitskap og litteraturvitskap, før studielånsfrykta tok meg og eg byrja å arbeide på kontor. For den som lurer, så er kontorarbeid akkurat like sjeledrepande som ein tenker seg, i alle fall når hovudet er ein annan plass. Den plassen var som oftast hos litteraturen og ønsket om å ein dag kunne livnære seg av å skrive. Andre får det jo til, så kvifor kan ikkje eg? Openberringa skulle vise seg i form av Nynorsk avissenter.

Eg må dvele litt ved den første delen av Nynorsk avissenter. Ikkje berre skal eg gi meg ut på ei intensiv opplæring i journalistisk handverk, men det skal attpåtil gå føre seg på nynorsk, eit skriftmål eg ikkje har nytta sidan vidaregåande. For ein som knapt brukte å lese norske bøker, og som naiv ungdom drøymde om å skrive den store amerikanske romanen, er det ikkje rart at tvilen lett får permanent opphaldsløyve.

Likevel, når eg no ser utover Førde frå toppen av sveitserblokka på Solvang, er ikkje frykta lenger like altoppslukande. Eg er rusten, det kjennest. Samstundes så har den første veka gjort meg optimistisk. Hausten er jo eigentleg ikkje knytt til fornying og atterføding, men no kjennest det slik. Ein ting er i alle fall sikkert. Eg trur ikkje Førde er Norges styggaste by. Den tittelen tilhøyrer framleis Molde.