Close

Til agitasjon for nynorsken

Del innlegg

Eg voks opp på Lønning gard i det fagre øyriket Sunnhordland. Trass i den naturreine venleiken og det overveldande tilgjenget til gardsressursar i form av vegetasjon, blomar, grønsaker og dyr, har eg stendig fått høyra at garden ikkje vil vera eit tilstrekkeleg levebrød.

Stundom har eg vore uviss på korleis eg skal manøvrera livsvegen min i riktig lei. Som 18-åring gjekk eg laus på den framtidige yrkeskarrieren min ved universitetet i Bergen. No, fem år seinare, er eg ferdig utdanna lektor i språkfaga tysk og norsk. Dei fleste nyutdanna lektorane eg kjenner, har allereie fått seg fast jobb i skulen. Dei seier sjølv at dei er genuint motiverte for å gå direkte på sak, og dei er overtydde om at yrkesvalet dei har gjort, er riktig.

Kva er så bakgrunnen for at eg har rota meg opp i Førde som nynorskpraktikant? Kvifor søkte ikkje eg òg stilling som fast tilsett lektor denne hausten? Svaret er kategorisk: Eg kjenner ein sterk trong til å freista ein heilt annan fagdisiplin enn den eg er van med frå før av. Denne trongen munna ut i eit periodisk oppbrot frå Bjørgvin og følgjeleg min entré som journalist for lokalavisa i Førde. Her får eg høve til å dyrka to av dei mange lidenskapane eg har: 1) Å føra i pennen, og 2) å hegna om den kollektive kulturskatten vår, nemleg skriftspråket nynorsk.

Målet om å vera ei røyst for nynorsken, har likevel møtt motstand. Då eg var 14 år gamal, sa eg til ei veninne at bror min var i ei såkalla «tviklemme». Ordet høyrest truleg framandt ut for dei fleste, særleg bokmålsbrukarar. Den mest treffande parallellen til dette omgrepet må vera uttrykket «dilemma». Då eg fortalde om tviklemma til bror min, lo veninna mi høgt, og ho kunne ikkje forstå kvifor eg ikkje nytta den ålment utbreidde varianten av ordet.

Ved eit anna høve hadde eg under ein presentasjon i norskfaget fortalt at eg kom frå «Noreg». Responsen eg fekk frå læraren var av følgjande kaliber: «Gunnhild, me seier ikkje Noreg. Her på Stord seier me Norge!» Somme har til og med vore så frustrerte over den meir eller mindre esoteriske og arkaiske nynorsken min at dei har omtala han som «spynorsk»! Hendingane eg no har skissert, er reelle, og dei vitnar om ei kaotisk, dels polarisert språkstode i landet. På denne bakgrunnen ynskjer eg å framheva og styrkja nynorsken sin svekte posisjon, og motivasjonen for å kringkasta språket gjennom journalistbransjen er desto sterkare!