Close

Å leite etter sau

Del innlegg

«Du køyrde vel traktor til skulen,» kan nokon tenkje. På det smalaste området i Uskedal er ein gard som heiter Klammeren. Fjella Ulvanosa og Mannsvatnet ruvar over oss på kvar si side. Her vaks eg opp. Med sauer som næraste nabo. I bakgrunnen er elvebrusen, naturen si eiga «white noise». Skulen og mi næraste venninne er ein halvtimes sykkeltur unna.

Nei, det gjorde eg nok berre eit par gonger, som regel køyrde vi minibuss. Eg hadde lyst å ri, men det var ingen stall i nærleiken av skulen Kvikklunsj kunne stå.

Eg tenkte tidleg at eg ville vekk frå bygda. At eg var meint for noko stort. Kva dette store skulle vere, visste eg ikkje. Det var i alle fall noko ein ikkje har på bygda, såpass visste eg.

Etter vidaregåande forlét eg sauene, elva og fjella. Det vart erstatta med trafikk- og feststøy og høge bygningar. Oslo er jo episenteret for alt det som ikkje finst i ei lita bygd, men eg fann raskt ut at Oslo ikkje passa for meg. Eg sakna regnet og tryggleiken mellom høge fjell.

Pappa måtte fint hente flyttelasset og køyre det til Bergen.

Der kjende eg meg heime, og tok bachelor i både litteraturvitskap og kunsthistorie. Men framleis ikkje sikker på kva dette store eg skulle gjere var. Heilt til eg sat på redaksjonsmøte i Studvest ein særs våt januardag. Her kunne eg kombinere fleire ting eg likte godt. Som å sjå på kunst og lese bøker med å skrive. No fekk eg bruke kunnskapen min.

Det var her redaktøren min tipsa meg om Nynorsk avissenter. Tanken på å flytte frå trygge Bergen skremde meg. Heldigvis er det regn og høge fjell i Førde og.

Men sauer har eg ikkje sett enda.