Close

Ode til papiret

Del innlegg

Det siste mor mi gjorde før eg byrja på avissenteret, var å gje streng beskjed om at ho vil ha i hende alle aviser sakene mine kjem på trykk i. Og det må ho jo få, eller?

Om eg hadde fått viljen min, hadde eg berre lese papiraviser. Berre brukt kamera med film. Hatt dumtelefon og ikkje smarttelefon. Det bør vel difor ikkje komme som ei stor overrasking at eg skalv kraftig i underleppa då det den første dagen blei snakka om korleis avisene meir og meir beveger seg mot det digitale.

Endå meir sørgmodig blei eg då eg fekk vite at Firdas eige trykkeri snart er nedlagt for godt, no skal avisa trykkast på Voss. Vi praktikantar fekk bli med ned i kjellaren og sjå. Kjellaren vitna om at han nettopp har vore full av aktivitet. Snart er det tømt for folk.

Igjen står berre utstyret, store, staselege maskiner. Ein kan framleis sjå dei trykte avissidene henge på rad og rekke i lufta, som horisontale banner frå ei svunnen tid.

Om kvelden ringer eg mor mi for å fortelje om både digitalisering og den pensjonerte trykkpressa, og ho okkar seg. Ho vil ha papir i hendene ho òg, uavhengig om det er eg som har forfatta.

Etter turen i trykkeriet er eg endå meir inspirert til å gå i bresjen for å bevare det handfaste, det analoge. Eg skal kjempe for alle oss som fortvilar over at alt blir meir og meir digitalt, eg lovar!

Ja, altså etter eg har publisert denne saka på nett, då. Eller, etter eg har kjøpt meg bussbillett på telefonen, og etter eg har lese ei nyheitssak på mobilen medan eg sit på bussen. Og så kanskje etter eg nett har sett ein av dei nye filmane som er blitt lagt ut på mi favorittstraumeteneste. Men så! Då skal eg kjempe.