Close

På førehand, beklagar!

Del innlegg

Eg trur verda kunne vore betre, og eg meiner me har eit ansvar for at ting skal verta betre. Eg vil verta journalist fordi eg meiner nokon andre enn meg bør ta det ansvaret.

Det høyrest kanskje urimeleg ut at eg ikkje er villig til å gjera jobben sjølv, og det er det òg. Men eg er forferdeleg dårleg på å få ting gjort. Ein gong let eg det vera vasslekkasje på badet mitt i ein heil månad. Eg fjerna vatn frå badegolvet fleire gongar om dagen, men gjorde ingenting anna med saka før det var sopass store skadar på bygget at vaktmeisteren oppdaga det av seg sjølv. Ein annan gong melde eg meg frivillig som lærar i ein flyktningleir, men slutta etter ein gong fordi eg oppdaga at det innebar at eg måtte stå opp klokka åtte kvar laurdag. Alle forstår jo at eg ikkje er skikka til å ordna opp i noko som helst, og definitivt ikkje verdsproblem.

I staden er eg innstilt på å bruka mitt liv på å få nokon andre til å ordna opp. Eg har prøvd på det ei stund allereie. Eg studerte filosofi med eit håp om at viss eg berre fekk analysert verda, so kunne nokon andre bruka den analysen til å endra ho. Og eg studerte psykologi for å læra å manipulera andre til å ta ansvar. Eg tok til og med nokre fag i genetikk, for å kanskje kunna gripa det an frå den sida, men det er sopass superskurkaktig at det må me berre hoppa over. Dessutan gav eg meg fort då eit av dei obligatoriske biologifaga berre kunne takast tidleg om morgonen.

Men ingenting av dette har fungert so langt. So no prøver eg journalistikk. Mi oppfatning er at journalistikk handlar om å få informasjon ut i håp om at betre folk kan bruka den kunnskapen til å faktisk få ordna opp i ting. Det er nett det eg er interessert i. So no set eg mi lit til Firda sine lesarar. Spesielt har eg tru på dei som likar å stå tidleg opp.

(Eg vil lova både dei eg leiger hos og dei eg leiger med i Førde at eg har lært av det med vasslekkasjen.)