Close

admin

Førde, Firda, førarkort

Eg har nekta for at eg kom til å skaffe meg førarkort i nesten ti år. Det var korkje eit ynskje eller eit behov for meg som vaks opp fysisk i Trondheim, og politisk i miljørørsla. Mykje har skjedd på dei ti åra. No har eg praktikantplass på Nynorsk avissenter, […]

Read More

Farvel pandemistorbydrit

Det var i åttetida på kvelden mailen tikka inn. Eg opna telefonen med spente fingrar. Hjartet banka då eg skumma gjennom teksten med målretta auge. Hjartet slo raskare no. Eg stoppa opp. Der stod det. Svart på kvitt. Eg var kalla inn på intervju. Eg kjente noko pompøst breie seg […]

Read More

Vegkrysset mitt

E39 er ikkje den strakaste vegen. Mellom heimbyen Bergen og Ålesund, som slekta mi kjem frå, snirklar asfalt og gardar seg mellom svoltne sauer og frodige fjell. Og midt i hovudpulsåra ligg vegkrysset i mitt liv. Ikkje byen eg vaks opp i, men staden eg vaks opp med. Førde. For […]

Read More

Tormod Ytrehus over i fast stilling

Gratulerer, Tormod Johnsen Ytrehus (27), men fast stilling som journalist i LO Media! Trønderen frå kull 9 i Nynorsk avissenter hadde på nyåret 2018 praksisplass i LO Media, nærmare bestemt i FriFagbevegelse. Der gjorde han det så godt at han fekk halde fram i vikariat på desken. – No fekk […]

Read More

Martin Årseth til Klassekampen

Gratulasjonar til Martin Dale Årseth (31) som har fått fast stilling ved Klassekampens vestlandskontor. Martin har hatt fleire journalistjobbar etter at han gjekk ut frå kull 8 i Nynorsk avissenter i 2017. I Bergen skal han drive Klassekampen-kontoret saman med Linnea Skare Oskarsen (26), som har takka ja til eit […]

Read More

Dette er kull 14 våren 2020

Dei fire nynorskpraktikantane som har fått plass, er (frå venstre) Ingrid Hjellbakk Kvamstø, Theo B. Wilson, Andrea Sørøy og Marie Håland. Sjølv om tre av dei har bustadadresser i London, Oslo og Trondheim, er dei oppvaksne på Vestlandet og har røter i Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland. Annleis er […]

Read More

Den lange reisevegen

Nyleg døydde bestemor mi. Og som alle andre bestemødrer, var ho den beste ein kan tenke seg. Varm, omtenksam og oppmerksam. Sette alltid barnebarna først. Bestemor hadde fire barn, 11 barnebarn og seks oldebarn. Ho budde på ein tettstad, heilt sør i Nordland. I ein kommune som stadig vart referert […]

Read More

Å møte rettskrivinga i døra

Som språknerd over alle språknerdar er det vel berre naturleg at eg fortset Skrivekløa med nok ein anekdote om språk. Tredje på rad – hat-trick! Og denne gongen skal det handle om å vere høg på sine eigne kunnskapar. Eg likar å påstå at eg har ei ganske god oversikt […]

Read More

Språkforvirring på bussen

Eg er språknerd. Eg elskar språk og alt som er språkrelatert: enten det er snakk om språkhistorie, språkpolitikk, grammatikk, rettskriving, dialekter – eg kastar meg inn i diskusjonen uansett. Ei av dei mange språklege hjartesakene mine er at vi skandinavar, vi bør kunne forstå kvarandre. Eg blir trist av nordmenn […]

Read More

Nordlending i nynorskland

Her sit eg i Førde, ein by eg aldri hadde drøymt om at eg skulle bu i. Eg er nordlending og har budd dei siste sju åra i Trondheim. Og endå avstanden frå Trondheim til heimstaden min er den same som frå Trondheim til Førde, opplever eg den sistnemnde reisa […]

Read More