Close

Nordlending i nynorskland

Del innlegg

Her sit eg i Førde, ein by eg aldri hadde drøymt om at eg skulle bu i. Eg er nordlending og har budd dei siste sju åra i Trondheim. Og endå avstanden frå Trondheim til heimstaden min er den same som frå Trondheim til Førde, opplever eg den sistnemnde reisa som uendeleg mykje lengre enn den fyrste. Stiane frå Trøndelag til Førde er kanskje ikkje så veltrødde?
Eg er på ukjend mark, og ein nordnorsk «alien» blant alle vestlendingane. For dei fleste av medpraktikantane mine er Førde, Sunnfjord og Sogn og Fjordane kjente område, men for meg er desse stadnamna dei einaste eg kjenner i heile fylket.
Og det er ikkje berre staden som er framand for meg: Eg som kjem frå tjukkaste bokmålsland, skal no bade i nynorsk. Og forstå meg rett: Eg er ein språknerd og har brukt dei siste seks åra av livet mitt på å studere nettopp språk. For meg er det eit privilegium å endeleg få bruke eit språk som eg føler vart frårøva meg frå barndommen av. Nynorsk er likevel eit framandspråk eg har lært meg i
vaksen alder, ikkje eit morsmål eg har tileigna meg intuitivt frå barnsbein av.
Og så er det jo det med banninga, då. Eg må halde tilbake og halde igjen, for eg skjøner jo at det å banne som eg gjer i Nord-Norge, vil få ein annan verknad på kontora til Firda enn heime. Her trengst med andre ord litt integreringsarbeid.

Av Emma Johnsen Rødli