Close

Kjell Ove Nordeide

Med mobiltelefon på direkten

På lufta direkte frå NRK-doen i Førde. Det var eitt av fleire kreative påfunn då praktikantane prøvde seg på direktesending i dag. Utstyrt med iPhone har dei i to dagar vore «mobiljournalistar», der telefonen er det viktigaste verktøyet. Dei filmar, redigerer, overfører – med seg sjølv både framfor og bak […]

Read More

Kampen om kvalpen

Eg var åtte år gamal då eg dreiv med seriøst journalistisk arbeid for første gong. Kvar morgon sat eg med avisa framfor meg ved frukostbordet. Auga mine speida etter informasjonen eg behøvde. Hjernen jobba på spreng for å finne ei original vinkling. Med velvalde ord og eit hamrande hjarte presenterte […]

Read More

Førdianar på flukt

Som dei fleste andre 18 år gamle førdianarar var det ikkje snakk om å bli igjen her i denne kjedelege, grå byen. Utolmodig og klar for nye erfaringar reiste eg på vidaregåande til England for å sjå om graset er grønare på den andre sida. Det fall i smak, og […]

Read More

Koronaen stoppa ikkje Silje

Silje Kristin Guddal hadde ingen vanskar med å nå fram til dei ti journalistpraktikantane i Førde. Sjølv om ho sat i Stryn, fekk ho tydeleg formidla bodskapen sin i føredraget «Nordre Bergenhus Amt»: Dette landskapet nord i Vestland er eit eldorado for journalistar! Praktikantane hadde mange spørsmål, og den tidlegare […]

Read More

Kull 15 er i full sving

Alltid høgtid når eit nytt kull nynorskpraktikantar går inn dørene til Firda-huset, finn plass hos Nynorsk avissenter og motivert fortel om forventningane til det kommande halvåret. Natalie Liabø Hermansen, Sofie Retterstøl Olaisen, Synne Muren Olsen, Taline Vinjevoll Årdal og Øystein Silde Frønsdal i kull 15 har allereie gjort seg kjende […]

Read More