Close

Kjell Ove Nordeide

Dei fem utvalde til kull 15

Dei vil satse på journalistikken, dei vil skrive på nynorsk, dei er samfunnsinteresserte, engasjerte og ikkje minst motiverte for å ta ei intensiv opplæring. Det er fellesnemnaren for dei fem som no er tilsette i kull 15 i Nynorsk avissenter. Med 29 søkjarar hadde faglærar Ingunn Osland og dagleg leiar […]

Read More

Lenge sidan så mange har søkt plass

Samstundes som faglærar Ingunn Osland og dagleg leiar Kjell Ove Nordeide førebur seg på å sende dei fire praktikantane i kull 14 ut i praksis, skal dei plukke ut fem kandidatar til nytt kull som skal starte i august. Aldri før har dei to hatt ein så stor bunke søknader […]

Read More

Emma Johnsen Rødli tilsett i Morgenbladet

Emma Johnsen Rødli (27) gjekk ut av Nynorsk avissenter 1. mars etter to månader avsluttande praksis i Dag og Tid (bildet). Kort tid etter er ho tilsett i Morgenbladet i Oslo. Der blir ho «ansvarleg for lesarengasjement», som det heiter. – Først og fremst skal eg produsere innhald til sosiale […]

Read More

Joe Biden, jo betre?

Trass det breie utvalet dei byrja med, har demokratane i USA spissa det ned til to kandidatar: Ein gammal kvit mann, og ein litt eldre kvit mann. Ein av dei hadde hjarteinfarkt i fjor. Den andre ser ut til å bevege seg som om han er under vatn. Han verkar […]

Read More

Skup-prisen om forsvann

Kva skjer eigentleg med julevarene etter at jula er over? Blir dei kasta eller brente på bål? Dette var spørsmål eg hadde som idé til ei sak i starten av året. Den kritiske journalisten i meg var årvaken og klar for å avsløre den største skandalen i handelsbyen Førde. Ei […]

Read More

Nora Rydne frå Dagens Næringsliv til E24

Midt oppe i korona-pandemien har journalist Nora Rydne skifta arbeidsgjevar. Ikkje før var ho ute av dørene hos Dagens Næringsliv før ho utstyrt med blokk og mikrofon intervjua statsministeren om dei nasjonale korona-tiltaka – no i fast journaliststilling i E24. – Veldig spennande å gå til eit E24  i vekst, […]

Read More

Fem på fjellet

Ei typisk oppgåve ein får som praktikant i Firda, er «fem på gata»-saker. Dei er som regel visuelt flotte, er godt lesne og ber preg av positive erfaringar om vinterferien eller kva mora di betyr for deg. Som lesar skulle ein kanskje tru at dette er saker som er ein […]

Read More