Close

Eiter, galle og andre utblåsingar

Del innlegg

På telefonen min har det lege ein kladd om det munnlege språket og kva det kan fortelje oss om kven vi er. Eg valde å ta utgangspunkt i mitt eige språk og bruken av «liksom» og «på ein måte». Eg brukar dette ofte, og det er irriterande.

Noko som irriterer meg endå meir, er at eg ikkje klarer å skrive det eg hadde planar om å skrive. I eit forsøk på å ikkje verke altfor navlebeskuande i denne teksten, har eg tråla internett for å finne noko anna å skrive om og reflektere rundt. Heilt umogleg. Eg er for irritert.

Det irriterer meg at kvar gong neglene mine får litt lengd og form, bit eg dei av. Det er stygt, og det irriterer meg at eg aldri får denne uvanen under kontroll.

Kvar gong eg får varsling frå Finn.no om nye eigedomar til sals i mitt område, i mi prisklasse, er det ein garasjeplass. Frykteleg irriterande.

Venninna mi spurde meg kva eg jobba med i dag. Skrivekløe, sa eg. Ho har blitt orientert om konseptet tidlegare, men spurde likevel om det var til Firda.

NEI, ANNIKEN. EG HAR STARTA EIN PERSONLEG BLOGG OG GITT MEG SJØLV I OPPGÅVE Å OPPDATERE HAN KVAR FJERDE VEKE.

Det var irriterande at ho spurde.

Eg er altfor ung til å vere så irritabel. Det irriterer meg at eg er irritabel. Meta-irritasjon. Dessutan har eg vondt i hofta.

Kan nokon arrangere fakkeltog for irritable menneske snart? Demonstrasjon framfor Stortinget? Ein eigen debatt? Vi treng større merksemd på dette i-landsproblemet.