Close

Staden eg sjeldan lengtar til

Del innlegg

Eg er neppe åleine om å ha eit ambivalent forhold til heimstaden min. Det er verdas finaste stad, eg er stolt av han og viser han entusiastisk fram til alle som viser eit snev av interesse for han, men stoltheita kjem med ein bismak.

Heimkommunen min, Herøy, har som fleire andre kommunar, problem med å rekruttere riktig kompetanse. Mange skuldar på sentralisering som ein del av problemet. Personleg er eg ikkje heilt sikker på om det er sentraliseringa i seg sjølv, men heller mangelen på kommunal sjølvinnsikt.

Herøy er ein av kommunane der inntektsforskjellen mellom menn og kvinner er størst. Dersom eg skal generalisere kommunen, og det skal eg sjølvsagt gjere, jobbar mennene på sjø og kvinnene i helsevesenet. Menn tener heile 82 prosent meir enn kvinner. «Dei tener såpass godt at damene kan jobbe deltid på land», sa den tidlegare ordføraren vår i Dagens Næringsliv. I 2019.

Han seier òg at han ikkje er interessert i å byggje ned offshore-næringa for å ta seg betre ut på statistikken

… som om det er einaste løysinga.

Forholdet eg har til heimkommunen min er, som nemnt, ambivalent. Eg vil så gjerne at dei skal få den kompetansen dei treng, og at det blir ein attraktiv kommune å bu i. For meg freistar det lite å flytte heim til ein kommune der det ser ut til å vere liten vilje til å gjere noko med det eg meiner er eit ganske stort problem. Likevel heng det ei sky av dårleg samvit over meg, eg burde gjere noko for å bidra der ute i havgapet.

Eg skal kome med ei vedkjenning på tampen; Eg vil at alle andre skal flytte heim, slik at eg ikkje må gjere det sjølv. Helst vil eg halde fram med å drikke drinkar til 134 kroner i Oslo, medan eg klagar over at bustadprisane er for høge og arbeidsmarknaden for usikker.

Heile vegen skal eg ignorere den smerteleg openberre løysinga: slutt med fisefine drinkar, flytt heim og ta problema i eigne hender.