Close

Fast jobb før fylte femti

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Å vere tilkallingsvikar i mediebransjen har gjort meg til eit dårlegare menneske. Eg har dagleg drøymt om at alle kollegaane mine skulle verte ramma av langvarig sjukdom, det trass i at eg likte alle svært godt. Eg ville berre kome på jobb litt oftare.

No satsar eg på ei framtid i mediebransjen, noko eg har råda meg sjølv og alle eg kjenner frå å gjere. Det er jo galskap. Nedskjeringar og omstilling, fleire arbeidsoppgåver og mindre tid å gjere dei på. Samtidig krev lesarane stadig meir. Eg reknar det som nærast umogleg å lande ei fast stilling.

Eg er fødd og oppvaksen ved kysten på Søre-Sunnmøre og flytta til Bergen som 18-åring. Der budde eg i 7 år, og på dei 7 åra tok eg mellom anna utdanning innan PR. Feilen eg gjorde var at eg studerte noko eg ville vite meir om, ikkje noko eg ville jobbe med. Eg fullførte utdanninga på rein trass.

No nærmar trettiåra seg, og trassalderen er forhåpentlegvis snart over. Som mange andre ønsker eg å eige ein bustad. Planen var å klare det før 2020 er omme, men eg ser allereie i januar at dette ikkje går vegen. I dag kan eg berre drøyme om bustadlån, men veit du, eg drit litt i det. Det er dette eg skal jobbe med, det kjennest rett.

Dermed legg eg vekk målet om å eige eigen bustad før eg er 30 år gammal, og erstattar det med å få fast jobb før fylte femti år.