Close

Kampen om kvalpen

Del innlegg

Eg var åtte år gamal då eg dreiv med seriøst journalistisk arbeid for første gong. Kvar morgon sat eg med avisa framfor meg ved frukostbordet. Auga mine speida etter informasjonen eg behøvde. Hjernen jobba på spreng for å finne ei original vinkling. Med velvalde ord og eit hamrande hjarte presenterte eg funna mine til familien.

Foreldra mine stod på sitt, og eg fekk ikkje hund. Det var den same runden kvar morgon: eg leita opp rubrikkannonsar med hund til sals og fann eit argument for at akkurat denne hunden måtte eg ha. Når foreldra mine atter ein gong sa nei, skreik eg det viktige spørsmålet så høgt den vesle stemma mi kunne bere: «kvifor ikkje?».

Eg er yngst av tre og var sjølve definisjonen på irriterande veslesøster. Eg ville ha svar på alt mogeleg. Dei himla med auga og svarte meg sjeldan. Det einaste unntaket var rundt middagsbordet, der vi diskuterte dei store spørsmåla i livet. Det var nok her, med munnen full av fiskegrateng, at journalisten i meg blei fødd.

Med journalistdraumen i magen reiste eg sørover for å studera. I kystbyen Wollongong i Australia var det kvite strender og solbrune gutar som stod i hovudet på meg. Vel heime i Norge blei det Førde og gjengen i Nynorsk avissenter. Tilbodet om praktikantplass kjendest som ein stor siger. Endeleg skulle eg få oppleve ein ekte grå vestlandshaust igjen!

No gjer eg meg klar til å ta fatt i ein ny kamp. Eg skal bruka journalistikken som eit ledd i kampen for nynorsk. Det kan vera skummelt å gå frå å vera bokmålsbrukar til nynorskbrukar, men eg veit at med hardt arbeid får eg til det eg vil. Det kan 12 år gamle meg skriva under på, det var nemleg ho som vann slaget om ein svart liten kvalp med namn Zita.