Close

Førdianar på flukt

Del innlegg

Som dei fleste andre 18 år gamle førdianarar var det ikkje snakk om å bli igjen her i denne kjedelege, grå byen. Utolmodig og klar for nye erfaringar reiste eg på vidaregåande til England for å sjå om graset er grønare på den andre sida. Det fall i smak, og eg bestemte meg for at Førde ikkje var ein by eg skulle flytte tilbake til med det første.

Ein førdianar med fluktbehov var no biten av reisebasillen. Eg reiste så fort som mogeleg sørover til Bergen. Der tok eg fatt på ein bachelor i økonomi og administrasjon. Dette valet overraska fleire, inkludert meg sjølv, men eg fullførte graden sjølv med dårlege matematikkunnskapar. Mine planar om å starte arbeidslivet blei brått forstyrra av pandemien. Kva skulle eg finne på?

Løysinga fann eg då Nynorsk avissenter plutseleg dukka opp. Sjølv med manglande forståing for matematikk forstod eg at ei umetteleg nysgjerrigheit for media og samfunn pluss ei brennande interesse for nynorsk, resulterer i eit svar med to strekar under.

Etter eit par desperate forsøk på å rive meg laus frå barndomsheimen er eg no tilbake på jenterommet. Tilbake til å måle hus og klippe plen før regnet kjem. Eg har blitt kjend med fire dyktige praktikantkollegaer som ser både verda og Førde annleis enn meg. Gjennom dette har eg allereie byrja å sjå byen med nye auge. Eg ser no at Førde ikkje er den same byen som den eg flykta frå. Eller kanskje det er eg som ikkje er den same?