Close

admin

Med livet i veska

Ei av mine gode venninner er mitt store forbilde når det gjeld morgonrutinar. Ho hoppar utkvilt ned i tøflane når den første alarmen ringer, tenner levande lys og kosar seg med nytrekt kaffi før resten av nabolaget har gnidd søvnen ut av augo. Dette gjer ho kvar einaste dag, før […]

Read More

Skrekkblanda eventyr

Hadde du spurt 18 år gamle Marte om kvar ho kom til å vere 9 år fram i tid, hadde nok Førde vore langt, langt nede på lista. Då eg var ferdig med vidaregåande, var det uaktuelt å bli verande i fylket. Eg var lei av stillheita, folka og det […]

Read More

Frå Palme og meg

Fordommen har rot i kvardagslivet. Den gror på arbeidsplassen, i garderoben, i nabolaget. Den er eit utløp for eigne manglar og usikkerheit. Frykt for å miste posisjon, eit sosialt privilegium, ein førsterett. Hudfarge, kjønn, språk eller fødestad har ingenting med menneskelege kvalitetar å gjere. Å gradere menneske innanfor desse kategoriane […]

Read More

Kom deg ut og haik!

Felipe Harrera har lært meg mykje lurt. Han fortalde meg om dei gøymde stadene i byen, når ein avokado er perfekt moden og kvifor det er bra å ha tillit til at framande vil deg godt. Felipe og eg var romkameratar då eg budde i Chile, og me er framleis […]

Read More

Egopleie

I Bergen måtte eg innfinne meg med yogapropaganda frå aust og vest. Venninnene mine dreiv med det, avisene skreiv om det, treningssentra reklamerte for det og sportsbutikkane pusha det. Med lovnadar som «finn svaret i deg sjølv, mediter deg vekk frå stress og angst», har eg likevel ikkje late meg […]

Read More

Mannefylket

Sogn og Fjordane står overfor ei negativ folketalsutvikling. Ikkje berre før kvinner færre born, dei lar i tillegg vere å returnere til fylket etter først å ha reist ut. Kan det tenkast at kvinner ikkje vil tilbake til mannefylket? Kvinnedelen i befolkninga har sokke jamt og trutt. For 2018 melde […]

Read More

Med livet som innsats

Litt frå Bergen, mest frå Grøsvik på Osterøy, men no i Førde. Om det var eit quiz-spørsmål, hadde eg vore svaret. Etter å ha prøvd ulike felt og fagområde, har eg no komme til Førde for å bli journalist. Hadde du fortalt meg det for eit år sidan, hadde eg […]

Read More

Melder flau sommarvind

«ekstremt» handlar om noko som ligg mot yttergrensa av det normale eller moglege. Noko som er heilt uvanleg. Det seier i alle fall nynorskordboka. Meteorologisk institutt sender ut ekstremvarsel når det er forventa vêr som over eit større landområde kan gi store skadar og/eller sette liva våre i fare. Då […]

Read More

Fugl er fugl

Ein skarp og skremmande lyd kjem som ein knyttneve inn i øyra. Eg prøver å orientera meg, men det slørete synet fungerer verken som kart eller kompass. Samstundes brer det seg eit ubehag i kroppen. Nei, vent! Er eg blitt lam? Eit halvope auge skodar mot nattbordet. Lyden forsvinn ikkje. […]

Read More

Naudsynt innvandring

«Du er den einaste eg kjenner som har valt Førde framfor København», skreiv ein norsk kollega i avskjedskortet mitt. Det ho nok ikkje forstod, var at i Kongens by heldt eg på å mista min integritet som systrending. Å høyra seg sjølv ytra ord som «jeg» og «god weekend», å […]

Read More