Close

Mannefylket

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Sogn og Fjordane står overfor ei negativ folketalsutvikling. Ikkje berre før kvinner færre born, dei lar i tillegg vere å returnere til fylket etter først å ha reist ut. Kan det tenkast at kvinner ikkje vil tilbake til mannefylket?

Kvinnedelen i befolkninga har sokke jamt og trutt. For 2018 melde fylkeskommunen på si nettside at for kvar 100 mann fanst litt under 96 kvinner. Det er det lågaste så langt grafen viser tilbake til 1990. I tillegg har skilnaden mellom kvinner om menn vore konstant heilt fram til for knappe ti år sidan – då auka skilnaden og det blei gradvis færre og færre kvinner i forhold til mengd menn.

Likestilling mellom menn og kvinner kan bli betre, også i trivselsfylket. Ifølge skattelistene for 2015 er berre 12 av dei 100 rikaste i fylket kvinner. Eit raskt google-søk med kodeord «menn og kvinner sogn og fjordane» syner først og fremst treff som: «single damer sogn og fjordane» og «bilder av damer fra Sogn og Fjordane – sukker.no». Og eg som tenkte å få opp engasjerte artiklar om mislykka likestillingskamp og bilde frå folkerike demonstrasjonstog.

Framleis er det mannen som bestemmer. Kanskje ikkje veldig overraskande. Dei nemnde momenta er trass alt ikkje eineståande i nasjonal samanheng. Over heile det langstrakte landet vårt står det ikkje godt nok til med likestillinga. Menn får dårlege karakterar, dei tek i mindre grad høgare utdanning og er oftare kriminelle. Samstundes tenar dei mest, og sit oftare med leiarverv. Til dømes er 92 prosent av alle ordførarar i Sogn og Fjordane menn.

Kva slags stad har eg hamna på? Førde, fylkets smørauge med eigen bomring og stive bustadprisar. Gull, glitter og grøne skogar. I første augekast, altså. Utviklinga i Førde er tydeligvis ikkje like mykje å skryte av på likestillingsfronten. Det er nestan sånn at kor enn eg snur meg, ser eg berre menn (eller bilar). Eller begge delar samstundes. For å ty til klisjé: Om ikkje vi, kven? om ikkje no, når?

Eg håpar vi vil sjåast i toget 8. mars.

Av Pernille Fjørtoft Grøsvik