Close

Del innlegg

I Bergen måtte eg innfinne meg med yogapropaganda frå aust og vest. Venninnene mine dreiv med det, avisene skreiv om det, treningssentra reklamerte for det og sportsbutikkane pusha det. Med lovnadar som «finn svaret i deg sjølv, mediter deg vekk frå stress og angst», har eg likevel ikkje late meg overtyde. Eg trudde eg skulle få fred frå yogaveldet i Førde. Den gong ei, yogaepedemien har nådd Sunnfjord.

Eg forstår at mange sverger til yoga med strekking, tøying og sjølvransaking, og for all del: det er bra å vere sprek og tenkande. Det skal fokuserast på å puste, drikke te og slange seg i kroppsnært og moteriktig tøy på ei matte i omgjevnader krydra av dekor med austleg aura. Før eg vert stempla som ein sur latsabb, vil eg forsvare meg og seie at eg går vel seks kilometrane til og frå jobb kvar dag, og at dei fleste som kjenner meg vil beskrive meg som aktiv.

For det er dette det handlar om for min del. Det å kunne vere utandørs og vende blikket utover. Eg kan ikkje tenke meg noko verre enn å glo på opplyste buddhastatuer og vestleggjort indisk estetikk, mens ein dyrka ro i sjela og indre fred.

Industrien kring yoga er enorm, trenden er eit faktum. Yogastudio dukkar opp over ein låg sko, og instruktørane er sunne, spreke og slanke. Er det eigentlig ei positiv røyst i eit allereie pressa samfunn kor kroppsfasong og livsstil til stadigheit vert definert som rett og galen? Om du skal finne indre ro, er det ikkje då best å vere tilfreds med seg sjølv, slik du er, utan medlemskap i yogastudio og daglege oppdateringar frå yogamødrene på instagram?

Eg trur ikkje at unge flinke jenter treng meir eigenpleie eller famlande sjølvransaking, men heller kritiske samfunnsanalysar vekk frå ego-kjøret. Vend blikket utover! De finn ikkje svaret på usikkerheit og angst ved å vende blikket inn med yoga, te og røykelse, men ved å vende blikket mot samfunnet me er ein del av, og nettopp ha tryggleiken til det å tru at det ikkje er deg det er noko gale med, men samfunnet som presenterer trendane me treng hive oss på for å bli lykkeleg. Vi sjåast 8. mars.

Av Pernille Fjørtoft Grøsvik