Close

Kom deg ut og haik!

Del innlegg

Felipe Harrera har lært meg mykje lurt. Han fortalde meg om dei gøymde stadene i byen, når ein avokado er perfekt moden og kvifor det er bra å ha tillit til at framande vil deg godt. Felipe og eg var romkameratar då eg budde i Chile, og me er framleis gode venner. Då eg kom til Chile, kjende eg ingen. Likevel vart eg første dagen invitert heim på familiemiddag til ei jente eg møtte på flyplassen. Då eg skulle finne rom i kollektiv, valde Felipe å leige ut til meg.

På folkehøgskulen hadde me obligatorisk haike-veke. Mine foreldre jobba i rettsvesenet, og dei nådde å skremme meg frå haiking nok til at eg var livredd då eg stod der med kart i lomma og tommelen i vêret. Moralen var å lære korleis det er å vere heilt avhengig av velvilje frå andre – å stå i grøftekanten og håpe at nokon er grei nok til å plukke deg opp. Til å stole på deg. Og eg skal innrømme at 19-årige meg hadde godt av øvinga.

Etter at eg haika til Östersund i Sverige og tilbake til Inderøy i Trøndelag, var eg hekta. Eg har haika i fleire land, og no også i Førde. Det er like fint kvar gong eg får påminninga om kor hjelpsame og rause folk trass alt er. Den påminninga trur eg dei fleste av oss ville hatt godt av innimellom.

Før eg held fram med forskjønninga til forarging for foreldre, må eg minne om forholdsreglane. Du kan vere uheldig når du haikar, men du kan også møte folk du elles aldri hadde komme i snakk med. Folk er jamt over greie, det er eg sikker på. Men hugs på dette;
1. Haik alltid saman med nokon, ikkje aleine. 2. Haik mens det er lyst, ikkje i mørket.
3. Bruk sunn fornuft, kjennest det tvilsamt eller ser det tvilsamt ut, ikkje set deg inn.
4. Fortel alltid nokon at du skal haike, og ha med deg telefon med straum på.

Som med alt anna i livet kan også haiking gå gale. Men eg tør påstå at om du er fornuftig og imøtekommande, så får du kjekke opplevingar tilbake – også når du står langs vegen og prøver lykka. Gode ting skjer med den som har tillit og tør stole på framande, som Felipe lærte meg. Og heilt til sist: tusen takk til alle eg har fått haike med.

Av Pernille Fjørtoft Grøsvik